Invitasjon til kvinnenettverk

Stavanger biskop inviterer til nettverkssamling for kvinnelege prestar, teologar og teologistudentar tysdag 30. oktober i St. Petri kirke i Stavanger. Her finn du program og lenke til påmelding.

Detalj frå altertavla i Hjelmeland kyrkje av Tor Lindrupsen. Foto: Gunn Heidi Dybdahl

Samlinga er open for alle uansett konfesjon eller arbeidsgjevar.

Tema på samlinga er: Korleis er det å vera kvinneleg prest, teolog eller teologistudent i Rogaland i dag? Me har invitert fem kvinner til å dela sine erfaringar, gleder og utfordringar. Dei er:

  • Anne Beth Gilja Johansen, sjukehusprest
  • Anna Rebecca Solevåg, senterleder VID
  • Berit Magnhild Espeset, sokneprest
  • Ingeborg Erikstein Krager, byprest
  • Sølvi Irene Vinnes, kapellan

Program
11.30 Lunsj
12.15 Opning ved biskopen
12.30 Erfaringsdeling
13.00 Pause med noko attåt
13.15 Erfaringsdeling
13.45 Samtale i grupper
14.15 Oppsummering i plenum
14.30 Tidebøn
15.00 Slutt

Deltakaravgifta vert dekka av Stavanger bispedømme.

Her kan du melda deg på innan 25. oktober.

Del gjerne informasjonen om samlinga med aktuelle deltakarar, me ynskjer å nå så breitt ut som mogeleg!

Spørsmål? Kontakt personalrådgjevar Magnus Andreas Våge, sjå kontaktinfo under.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"