Millionsuksess for salmebokmaraton

Heile 2, 2 millionar sjåarar fekk med seg delar av "Salmeboka minutt for minutt". I tillegg var emneordet #nrksalme det mest brukte på Twitter denne helga.

Vidar Kristensen, prosjektleiar for salmeboka hjå Kyrkjerådet, saman med programleiar for "Salmeboka minutt for minutt", Camilla Tjønn Thingvoll.

Tal frå NRK viser at 2, 2 millionar sjåarar var innom "Salmeboka minutt for minutt" i løpet av den 60 timar lange sendinga. I snitt såg 87 000 sendinga.

- Når nesten halve Norge har sett på salmesong-sendinga, fortel det noko om kor langt salmane når ut til folket, seier Vidar Kristensen, prosjektleiar for den nye salmeboka i Kyrkjerådet. 

På Twitter var emneordet #nrksalme meir populært enn #kongenavsjakk og #brann i helga. 899 salmar på 60 timar skapte eit voldsomt engasjement hjå det norske folk. NRK fortel om at det hadde kome inn over 3000 bilete via sosiale media og e-post til "Salmeboka minutt for minutt".

- Dette var ei heilt unik helg. Å få oppleve å vere til stades og sitje på første benkerad når ein syng salmar i 60 timar, var heilt utruleg, seier Kristensen.

- Eg har jobba med den nye salmeboka i fire år. Å få ein slik finale, hadde eg aldri førestilt meg.

Vidar Kristensen var på plass under heile maratonsendinga og fungerte som ein coach og fagleg rådgjevar for NRK. Han hadde også skrive faktaopplysningane som glei over skjermen under kvar salme.

Åtgaum i utlandet

Men det er ikkje berre i Norge salmesongsendinga får merksemd. Media frå Tyskland, USA, England og Sør-Korea har omtalt NRK si sakte-tv.

- Den tyske tv-kanalen ARD sende direkte frå salmesong-sendinga, fortel Kristensen, som må tenke seg godt om når han skal trekke fram sine høgdepunkt frå "Salmeboka minutt for minutt".

- Det var så mange høgdepunkt. Men viss eg skal trekke fram to, må det vere den lulesamiske songgruppa Drag Jiena som song i Vår Frue kyrkje. Songstilen deira er så annleis enn alt anna, noko som er så sterkt og som går rett i hjartet mitt. I tilleg vil eg nemne den første gongen allsongen spontant eksploderte i Vår Frue kyrkje. Salmen "Jeg er i Herrens hender" skulle eigentleg vere eit solonummer, men det var spontan allsong frå kyrkjelyden. Det var kjempesterkt.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"