Bjørgvin bispedømeråd 7. nov. 2018

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 7. november med tilsetjingar, fordelingsnøkkel for prestestilingar, diakonstilling i Hardanger og valråd som nokre av sakene.

Bjørgvin bispedømeråd 7. nov. 2018

Bispedømerådet tilsette domprost i Bergen og sokneprestar i Førde, på Osterøy og på Voss. Sjå eiga sak om tilsetjingane.

Tre høyringar

  • Kyrkjemøtet sitt budsjettreglement og økonomireglementet for rettsubjektet Den norske kyrkja.
    Endringane er i hovudsak av redaksjonell karakter og utløyst av erfaringar Den norske kyrkja har gjort etter å har levert sin første årsrekneskap etter at den vart eit eige rettssubjekt
  • Høyring om ny fordelingsnøkkel mellom bispedømeråda av tilskot til kyrkjelydspresteteneste
    Det er lagt ned eit stort arbeid i fleire omgangar for å sjå på kva kriterier som gjev ei ønskeleg fordeling av presteteneste i heile landet. Kyrkjemøtet skal behandla nye kriterier i 2019, og Bjørgvin bispedømeråd gjev si tilslutning til den fordelingsnøkkelen som eit utval har gjort framlegg om. Dersom kriteria blir ståande slik foreslått, reknar ein ikkje med at Bjørgvin sin andel av prestar i høve til resten av landet, vil bli endra noko vesentleg.
  • Høyring om kyrkjeordning for Den norske kyrkja
    I samband med at det er venta ei ny lov om trus- og livssynssamfunn, vil kyrkjelova bli avvikla. Den nye kyrkjeordninga skal i hovudsak erstatta ei mengd reglar som i dag ligg i kyrkjelova. Bispedømerådet hadde ei første drøfting av denne saka, og skal gje ei endeleg fråsegn etter møtet 14. desember.

Diakon i Hardanger

Diakonstillinga i Odda er ledig, og det blir ikkje søkt om ny diakon før etter kommunesamanslåing med nytt fellesråd. Dei unytta midlane vil i mellomtida bli omdisponert til ei prosjektstilling som diakon i Kvam kyrkjelege fellesråd.

Valrådet for kyrkjevalet i Bjørgvin 2019

Valrådet har ansvar for gjennomføringa av kyrkjevalet i Bjørgvin, med særleg vekt på bispedømerådsvalet.

Medlemer (i vilkårleg rekkefølgje)

  • Håvard Frøysa
  • Kari Skår Sørheim
  • Tove Margrete Nordmark
  • Olav Martin Vik
  • Julie Ane Ødegaard Borge

 Varamedlemer (i ordna rekkefølgje)

      1. Jorunn Johnsen
      2  Harald Rydland

Diakoniutvalet - supplerande oppnemning

Diakoniutvalet i Bjørgvin har no følgjande medlemer:

  • Guri Kaland Sværen (leiar)
  • Rita Eldholm (nestleiar)
  • Inger Cesilie Fitje
  • Trygve Stabrun
  • Hildur Løkken Lillestøl
  • Karl Dag Bærug

 Møteplan for bispedømerådet 2019

  • 19. februar
  • 18. mars 
  • 24. april
  • 4. juni 
  • 18. september 
  • 29. oktober 
  • 3.  desember (siste møte/nytt råd).

Sakliste

Høring - endring av Kirkemøtets budsjettreglement og økonomiregelverket for rettssubjektet Den norske kirke

Bjørgvin bispedømeråd - Høyring om ny fordelingsnøkkel mellom bispedømeråda av tilskot til kyrkjelydspresteteneste

Diakon i Hardanger og Voss prosti: stillinga i Odda kyrkjelege fellesråd og ønske om diakon til Kvam kyrkjelege fellesråd/ Kvam herad.

Bjørgvin diakoniutval 2015 -19: supplerande val 2018

Valrådet for kyrkjevalet i Bjørgvin 2019 - oppnemning

Bjørgvin bispedøme - Høyring Kyrkjeordning for Dnk 1. handsaming

Bjørgvin bispedømeråd Møteplan 2019

Orienteringssaker

Statsbudsjettet 2019 - foreløpig tildelingsbrev

Visitasrapport frå bispevisitas i Kvam 29. - 31. mai og 3. juni 2018

Visitasrapport frå bispevisitas i Sogndal og Leikanger 24. - 26. og 29. april 2018

Lederkonferanse for folkevalgte ledere i kirken i Bjørgvin 26. -27. nov. 2018

Tilsettingssaker

Tilsetting av domprost i Bergen domprosti

Tilsetting av sokneprest i Sunnfjord prosti med Førde sokn som tenestestad

Tilsetting av sokneprest i Åsane prosti med sokna Gjerstad, Haus og Bruvik som tenestestad

Tilsetting av sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Voss sokn som tenestestad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"