Bispedømerådsmøte med ungdom

Bjørgvin bispedømeråd hadde ungdomssatsing på sakskartet på sitt siste møte før sommaren. Dei hadde møte med representantar for ungdomsrådet og tilsette dessutan tre prestar.

Representantar frå ungdomsrådet i Bjørgvin møtte bispedømerået og fekk drøfta tiltak for ungdom. Framme f.v. Åshild Grimstad, Trygve Nesse, Sara Halseide og Jonas Tollaksen.

Ungdom er saman med diakoni og gudsteneste satsingsområde for Bjørgvin bispedømeråd sin strategi for 2018-2020.  Saman med representantar for ungdomsrådet i Bjørgvin fekk bispdømerådet presentert ein del av satsingane retta mot ungdom i bispedømet:

  • Det skal i haust arrangerast ein felles konfirmantleir på Askøy for åtte konfirmanteiningar
  • Det vert arbeidd med eit tilbod for tida etter konfirmasjonen saman med Norges KFUK-KFUM
  • Våren 2019 er det planar om ein ungdomsleiarkonferanse for ungdom i slutten av ten-åra, arrangert i samband med ungdomstinget.
  • Unytta midlar frå trusopplæring blir forvalta av bispedømerådet, og ein ønskjer å prioritera tiltak for gruppa etter konfirmantalder.
  • Ei rekkje Barne- og ungdomsorganisasjonar har gått saman om ein plattform for samarbeid med Den norske kyrkja. Bispedømerådet vart orientert om denne.

Kvalitet

Kvalitet er også eit sentralt punkt i strategien til bispedømerådet, og rådet brukte ein del av møtet til å sjå på sitt eige arbeid og sine arbeidsformer i lys av målet om kvalitet.

Prøvetid

Bjørgvin bispedømeråd vedtar å innføre 6 månader prøvetid for nytilsette i rDnk.

Økonomirapport

Bispedømeråd fekk lagt fram økonomirapport pr 31.05.18.  Dei gjorde vedtak om at fordeling av utjamningsmidlar trusopplæring vert vidareført. Rest som ikkje er fordelt ut til einingar får administrasjonen fullmakt til å fordele i samsvar med strategiplan.

Tilsetjingssaker

Desse prestane har fått tilbod om stilling og har takka ja:

Sokneprest i Bergensdalen prosti  med Fyllingsdalen sokn som tenestestad: Bjørn Moe.

Vikar som sokneprest i Sunnhordland prosti, med tenestestad i Fitjar sokn: Roald Drønen

Sokneprest i Sunnhordland prosti med sokna i Hatlestrand, Kvinnherad, Varaldsøy, Ænes, Ølve og Åkra som tenestestad: Kjersti Brakestad Boge

Sakliste

Godkjenning av innkalling og saksliste

Godkjenning av protokoll

Bjørgvin bispedømeråd - prøvetid ved tilsetting              2

Bjørgvin bispedømeråd - drøfting av mål 0.1 kvalitet og evaluering av bispedømerådet sitt arbeid

Økonomirapport pr 31. mai 2018

Bjørgvin bispedømeråd - Ungdomssatsing 2018-2020

Orienteringssaker

Delegerte vedtak - Bjørgvin bispedømeråd møte 15. juni 2018

Referatsaker

Tilsettingssaker

Tilsetting av sokneprest i Bergensdalen prosti - Fyllingsdalen sokn

Tilsetting av vikar som sokneprest i Sunnhordland prosti med Fitjar sokn som tenestestad

Tilsetting av sokneprest i Sunnhordland med sokna i Hatlestrand, Kinnherad, Varaldsøy, Ænes, Ølve og Åkra som tenestestad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"