Vil du strikke Hauge-sokken?

Strikkeglade over heile Noreg vert no utfordra til å skape Hauge-sokken i Hauge-året 2021.

No kan du bli med i konkurranse om å utforma ein eigen Hauge-sokk. Foto: Nadia Thorstensen

Vi inviterer med dette alle strikkeglade til å delta i strikkekonkurranse i samband med 250-årsmarkeringa for Hans Nielsen Hauge. Vi ønskjer å få fram Hauge-sokken som eit symbol på arven etter Hans Nielsen Hauge, korleis han kombinerte «ande og hand», og som eit symbol på vår felles vandring gjennom livet som menneske. I storm og stille, i sol og regn, med uro og fred.

Det er godt kjent at Hans Nielsen Hauge strikka i fengsel og på reiser i Noreg. Sannsynlegvis strikka han sokkar som var lette å ta med, lette å strikke og dei var eit heilt naudsynt klesplagg på turane hans.
Sokkane i denne konkurransen skal kunne bli brukt av vaksne og born. Dei skal vere funksjonelle og gjerne i fleire fargar.

Vil fremja forteljinga om Hans Nilsen Hauge

Juryleiar Hege-Therese Nilsen frå Norges Husflidslag seier dette: – Vi vil la kreativiteten få fritt spelerom i denne konkurransen og på same tid fremje forteljinga om Hans Nielsen Hauge. Han som er kjend både som gründer, samfunnsbyggjar og mykje anna. Det vil vi gjerne få fram i denne konkurransen. 

Særpreg og identitet – tradisjon og fornying

Vi ser etter sokkepar som speglar særpreget og identiteten til Hauge. Tradisjon og fornying er og to stikkord vi har med oss. Sokkane bør passa til både vaksne og born, seier ho, og legg til: – Vi ønskjer med dette å fremja handverk og tradisjonar i heile Noreg i denne svært spesielle tida. Vi gler oss veldig til å sjå kva strikkeglade i heile Noreg kan få til.

Arrangørane

Det er Norges Husflidslag saman med Bymuseet i Bergen, HimalPartner, Kystmuseet i Øygarden og Bjørgvin bispedøme og som har tatt initiativ til den store design- og strikkekonkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk. Strikkekonkurransen er ein del av den nasjonale 250-års markeringa for Hans Nielsen Hauge sin fødsel.

Kåring av vinnarar, utstilling og eit godt formål

Sokkane skal bli sendt til Kystmuseet i Øygarden innan 31. juli i sommar. Ein jury beståande av representantar frå arrangørane vil så kåre dei beste sokkepara under Hauge-dagane i Bergen 16. – 19. september 2021. Eit utval av sokkepara vil verta vist under Hauge-dagane og på Kystmuseet i Øygarden. Sokkane vil så verte vist på ein vandreutstilling og strikke-oppskriftene vil bli publiserte. Etter ei tid vil alle sokkane blir gitt til eit godt føremål. Vinnaren får ein pengepremie i tillegg til heider og ære.

For meir informasjon om konkurransen, kontakt Norges Husflidslag ved Hege-Therese Nilsen, husflidskonsulent i Hordaland. E-post: hordaland@husflid.no. Mobil: 992 36 034.

Konkurransereglar

  1. Alle kan delta.
  2. Sokke-paret skal vere strikka i minimum 80% ull, helst garntypen «Fjell» frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Strikkefastheit 22/10. Garntypen «Fjell» består av 80% ull og 20% nylon, noko som gjer garnet slitesterkt og eit godt garn til bruk i sokkar.
  3. Utforminga må vere ny for denne konkurransen og ein lettforståeleg oppskrift må fylgja med.
  4. Innsendte sokkepar vert anonymisert og nummerert før overlevering til juryen.
  5. Inntil tre vinnarar vert kåra. 1. – 3. premie får eit gåvekort frå Hillesvåg Ullvarefabrikk i premie (1. premie: gåvekort på kr. 3.000,-, 2. premie: gåvekort på kr. 2.000,-, 3. premie: gåvekort på kr. 1.000,-). Andre sokkepar som utmerkar seg, kan få heiderleg omtale.
  6. Vinnarane vil bli gjort kjend under Hauge-dagane 16. – 19. september i Bergen.
  7. Eit utval av sokkane vil utgjere ei utstilling som vil få sitt første stopp under Hauge-dagane.
  8. Innsendte sokkar vert ikkje returnerte men gitt til eit godt formål peika ut av juryen.
  9. Arrangørane vil bli eigar av alle sokkane (inkl. oppskrift) og har med dette einerett til sal og marknadsføring av premierte sokkar og sokkar som får heiderleg omtale.
  10. Arrangøren vil lage strikkepakkar av vinnar-sokken for sal, i samarbeid med Hillesvåg ullvarefabrikk .
  11. Frist for innlevering: 31. juli 2021.
  12. Send ferdige sokkar med oppskrift til: Kystmuseet i Øygarden ved Bjørg Christophersen,Museumsvegen 9, 5337 Rong
    Merk sendinga: Hauge-sokken 2021.

For meir informasjon om konkurransen, sjå www.haugesminde.no/haugestrikk

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"