Retningslinjer for vigsel utanfor kyrkja

I dei allmenne føresegnene i vigselsliturgien står det i punkt 3: "Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel". Biskopen har delegert godkjenning av vigsel utanom kyrkjehuset til prostane.

Om lokal sokneprest og prost meiner at staden er egna til vigsel kan prosten senda søknad om godkjenning saman med si vurdering, opplysingar om staden og kven som er grunneigar og at denne har  gjeve løyve, til biskopen som kan godkjenna staden.

For allereie godkjende stader treng ein ikkje søkja på nytt. For nye stader kan par søkja via lokal sokneprest til prosten. Det er eit krav at det er ein egna stad og at lokale prestar går inn for godkjenning. Skiljet mellom privat og kommersiell grunn er oppheva, men ein må ha løyve frå grunneigar. Reglane er dermed mjuka opp i forhold til det som tidlegare gjaldt og opnar for at ein kan vera imøtekomande innanfor rimeleg arbeidstid. 

Prestar som skal ha ei vigsel utanom kyrkja må ha avklaring frå prosten. Prosten må vurdera arbeidstilhøva for presten og kor mykje arbeidstid prestane kan bruka på vigsler utanom kyrkjehuset. Det vil t.d. vera avgjerande om det går ut over kor mange vigslar presten kan ha på ein tenestedag.

Presten er som vigslar bunden til å bruka godkjend vigselsliturgi slik den er vedtatt av Kyrkjemøtet og kan ikkje avvika frå den, jfr. ekteskapslova § 12.

Brureparet må dekka ekstrakostnader for presten. Presten har ikkje høve til å nytta meir bunden arbeidstid enn vanleg for vigslar utanom kyrkja, med mindre det er pålagt av prosten. Ein kan difor krevje at brureparet dekkar ekstrakostander for vigsler utanfor alminneleg vigslingstid, samt kostnadar til reise om vigsla vert helden andre stadar enn på kyrkjestaden.

Prestar har høve til å ta betalt for utansokns vigsel for brudepar som bur utanfor tenestedistriktet, jfr. Tjenesteordning for menighetsprester §§ 17 og 18. Presten må i så fall informera brureparet i god tid før vigsla, og gje dei faktureringsskjema. For meir info, sjå her.

Kyrkjeleg fellesråd sine plikter til å legga til rette fell bort når vigselen er utanom kyrkja, det er brudeparet som er ansvarleg for det praktiske inkludert musikk og liknande. Når det gjeld vigsel i kyrkja har fellesråd høve til å ta betaling for brudepar som ikkje er busette i kommunen, jfr. «Reglar om betaling for bruk av kyrkja».

Når det gjeld vigsler som prosten har sett inn i sin arbeidsplan for prestane i prostiet, har prosten ansvar for, om mogeleg, å skaffa vikar dersom den oppsette presten ikkje kan. 

Meir informasjon:

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"