Geiranger kyrkje 175 år

Søndag den 3.september feira Geiranger kyrkje 175 årsjubileum med gudsteneste kl 17.00.

F.v: Jon Axel Solhaug, Stein Karstensen, Christine Hardman, Ingeborg Midttømme, Jan Ove Tryggestad, Svein Runde, Carolin Eide, Gunnar Inge Eide, Morang Berg.

 Gudstenesta blei forretta av biskop Ingeborg Midttømme, prost Svein Runde og sokneprest Stein Karstensen. Preika var halden av biskop Christina frå venskapsbispedømet Newcastle, England, og oversett av Morgan Berg. Morgan er godt kjend i Geiranger som verdsarvprest.

Gudstenesta hadde eit rikt program med korsong og musikkinnslag av born og vaksne leia av kantorane Gunnar Inge og Carolin Eide. Sokneprest Stein Karstensen hadde i høve jubileet ikledd seg ein gamal messehakel med historisk sus over. Leiar i soknerådet Jon Axel Solhaug deltok i forbøna . Geiranger var fullsett til denne flotte og høgtidelege jubileumsfeiringa.
Etter gudstenesta var alle inviterte til kyrkjekaffi og fest på Union hotell, der det vanka gode kaker og helsingar til Geiranger sokn. Svein Runde ga eit historisk attersyn gjennom bileter av kyrkja og kyrkjelydsarbeidet. Ordføraren i Stranda Jan Ove Tryggestad delte ut ei gåve på kr 10.000,- til kyrkja, og frå vertsskapet på Union hotell ei gåve på kr 10.000,-. Fellesrådet hadde helsing både ved fellesrådsleiaren og kyrkjeverja, og ein barnebibel til borna når dei kjem til gudsteneste.

Eit kyrkjejubileum gir høve til ettertanke og framtidsvisjonar. Det er med stor takksemd å tenkje på alle generasjonane som har møtast til gudsteneste i kyrkja i alle desse åra, og med glede vi skal få tenkje oss alle som vil kome til i åra framover. Tusen takk til Geiranger sokneråd og alle som bidrog til ei flott markering!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"