Olsokveka i Valldal

Olsokveka er ei utviding av den tradisjonelle Olsokhelga i Valldal.

Olsokveka i Valldal

Olsokveka er ei utviding av den tradisjonelle Olsokhelga i Valldal. Bakgrunnen er jo at Valldals-leden er åpna, og at vi ynskjer å løfte historia som er unik for Valldal opp, og gjere den kjent. Historia om da Olav Haraldson rømde inn fjorden her og opp Valldal er ein viktig del av norsk historie. Snorre fortel om den i detalj, og det er tydeleg at Snorre syntes dette var viktig å fortelje.

Astor Furseth har skrive ei bok om Olav i Valldal, og den håper vi at han kan ha klar til Olsok. 

Olsokveka blir frå torsdag 27. til søndag 30.juli.

Program

Torsdag kl.19: Todelt temakveld der Astor Furseth først presenterer den nye boka si og held eit foredrag om Olav i Valldal. Så skal dei ortodokse nonnene presentere planane om eit St.Olavs kloster i Valldal. Varigheit ca. ein time.

Fredag kl.19: Middelalder-konsert. Ingunn Linge Valldal, Sten Even Holstad og Håvard Gravdal er alle profesjonelle musikarar, og dei skal fremføre musikk som har sin rot 1000 år tilbake i tid.

Laurdag er det tradisjonelt program på 1000-årsplassen i Valldal sentrum. Konkurranser, konsert og mogligheit til å ro vikingskip på fjorden.

 

Søndag startar med pilegrimsvandring frå Sylte kl 08.00, frå Rem slår dei følje med andre pilegrimsvandrarar kl.11.30. Vel framme på Alstad vert det tradisjonell Olsokgudsteneste med kaffe og kaker etterpå. Etter kyrkjekaffen vil Astor Furseth ta med folk inn til Olavskjelda og Olavshellaren.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"