Det skal vere inngangsmusikk og utgangsmusikk og minimum 2 salmar i ei vigsle. Ut over det kan ein legge til med solosong og salmesong slik ein ynskjer. I ei vigsle skal det vere to til fire bibeltekster som skal lesast.
Nederst på denne sida finn du dei to vigselsliturgiane ein kan velge mellom. I desse dokumenta finn du óg dei moglege bibeltekstene som ein kan velge mellom. Nedst på denne sida finn du óg ei liste med salmar som særskilt egnar seg til vigsle.
Ynskjer du å høyre på nokre moglegheiter til inngangs- og utgangsmusikk, kan du gjere det på denne sida.
Har du spørsmål om musikk og salmar, ta kontakt med vår kantor.