Alt liv treng eit gjensvar

Preike på Maria bodskapsdag 24. mars 2019 av Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein. Lesetekster: 1 Sam 1: 21-28 og Apg 16:12-15

Lappeteppe for baby i produksjon til julemessa på bygdastova

39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Luk 1,39-45

To blå strekar på graviditets-testen.

Er det sant?  To blå strekar tyder at det er mest sikkert at du er gravid.

Kjenslene som fylger etterpå er er glede, og undring, - men også uro og ank. Passar dette no i livet, går det bra i svangerskapet, kva slags barn vert vi foreldre til? Og kva framtid skal dette barnet møte?

Det var sikkert ikkje graviditets-testar på Marias si tid, men Maria hadde sannsynlegvis kjensla av å vere rysta av det gryande livet i henne. Og med ei av historia si mest tvilsame forklaring på svangerskapet, og ein forlova som ho lurte på ville stikke av frå henne– var det nok godt å oppsøke ein slektning som var gravid sjølv, som kunne svare på spørsmål og gje henne eit gjensvar.

Alt liv treng eit gjensvar.

Maria fekk eit gjensvar i Elisabet. Og vi kan sjå det for oss korleis ho tok varmt imot henne. Fylt av Anden si kraft med kjærleik, stor open favn og lovprising. Sjølv barnet i Elisabeths mage sparka som gjensvar då Maria kom.

Alt liv treng eit gjensvar: Maria viser denne sårbarheita som bur hjå oss alle. Vi er oppdratt til å tenke at vi skal klare oss sjølv, å vere sjølvstendige og autentiske, - men når vi trer fram med oss sjølv, som autentiske og sårbare – så er vi alle avhengig av eit gjensvar. Vi treng å bli tatt imot, bekrefta og sett - for å kjenne at vi er ønska og høyrer til.

Dette starter tidleg under mors hjarte. Og babyar overlever ikkje dersom dei ikkje får gjensvar i form av omsorg, bli vist kjærleik, berøring og varme. Når born får eit godt gjensvar kan dei utvikle seg trygt, tileigne seg kunnskap og lære å knytte seg til menneske.

Born lærer tidleg mønster på korleis dei får gjensvar og knytter seg til andre menneske. Desse mønstera tek borna med seg i korleis dei knytter seg til Gud. Difor seier Jesus, la små born kome til meg, og hindre dei ikkje… lær dei tillitens veg, lær dei at dei vert teken imot og ikkje avvist. For å knytte seg til det gode gjensvar, bær vi borna våre til dåpen. I dåpen gir Gud sitt gjensvar til dei små, møter dei med berøring, kallar dei ved namn og stadfestar sin kjærleik. De som er fadrar – lover slik som vi alle som er fadrar å vere gode gjensvar for borna – omslutte dei med omsorg, støtte og forbøn. Etter dåpen løfter vi borna opp og let ansiktet deira møte gjensvar i våre ansiktet. Og det er eit vakkert gjensvar kyrkjelyden gir, søndag etter søndag. De skulle berre sett kor opne og flotte ansikta dykkar er. Alt liv treng eit gjensvar. Kyrkja er til for å formidle Guds gjensvar til oss menneske. Her får vi både gi og vi får vere gjensvar av Guds kjærleik.

Det har stått i avisene at fredag var ein spesiell gravferdsdag her på Hareidlandet då to kvinner på 102 år og 100 år vart fulgt til grava. 202 år med kvinnealder vart det takka for i kyrkja . Og i begge gravferdene vart det sunge « Den fyrste song eg høyra fekk»: Her vest er det kanskje ein av dei songane som tydelegast fortel om tilknytning til mor, og tilknytning til Gud som tryggleik i liv og død.

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga

Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova

Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar               Per Sivle

Songen fortel om ein song som all ting heilar. Songen vart sunge i takksemd over hundre år med liv på fredag, og songen vert kanskje sunge ved senga til dåpsborna som no byrjar sitt liv. Songen utrykker omsorg, knyt oss til kvarandre og gjev oss eit språk for liv og tru. Trua sine songar har endra seg gjennom alle tider, og mange av dei står i Bibelen: David sine salmar er dåtidas popstjerne/ lovsongsstjerne. Også Maria braut ut i song: Mi sjel, høglovar Herren, og mi ånd fryder seg i Gud, min frelsar. For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom. Luk 1: 46 ff

Marias lovsong møter «Den fyrste song eg høyra fekk», og bygger bru av ei forståing for denne dagen. I slekt etter slekt syng vi trua sine songar, og gjev noko viktig vidare. Fordi alt liv treng eit gjensvar.

Men born vert vakse og skal synge sine eigne songar. Ei trygg tilknytning gjev også grunnlag for eit naudsynt lausriving. Alle må finne si eiga stemme. Mor og kanskje Guds songar gjev ikkje den same meining gjennom livet. Det som ein gong var trygt, kan etter kvart i livet opplevast framandt, klamt og kanskje tyngande. Livet fær så ulik med oss: alle bær vi på opplevingar der tryggleiken og tilliten får seg ein knekk. Sorg, tap, ulukker, meiningsløyse kan gjere oss tause og på leit etter nye songar. Bøner som ikkje får det gjensvar vi forventa. Menneske som svik eller avviser oss. Fellesskap som ikkje har plass til oss og det livet vi lever. Og Gud som i mange tilhøve kan opplevast taus og bortvendt. Trua sine songar er også klagesongar. Marias lovsong måtte også romme at ho såg sonen sin døy på krossen. Vi veit at same kor vi beskytter borna våre, kan ingen av oss kontrollere livet. Kyrkja som rommar å begrave 100 årige mødre, rommar også å følgje ufullborne foster til grava der vi fortviler over alt som skulle ha blitt og støttar oss til Guds omsorg gjennom Salme 139: «Eg såg deg då du var eit foster». Bøner om barn får ikkje alltid gjensvar: Å ikkje få barn og å miste barn, er også del av vår menneskelege erfaring. Guds lengtande farshjarte kjenner lengten etter barn som vender seg bort, reiser langt av garde og leitar etter gjensvar i vondskap. I ein by Christchurh, oppkalla etter Kristi kyrkje, gret mødre og fedre klagesongar over sine born som vart drepne av ein som trudde at vald og drap var eit riktig gjensvar. Guds gjensvar på vondskap er Jesus. Han som steig ned og vart menneske som oss, for å forsone all vår erfaring av å vere menneske, med Guds hjarte.

Alt liv er avhengig av gjensvar. Og det er slett ikkje likegyldig kva slags gjensvar vi gir kvarandre. Og skal vi leve heilt og trygt må der vere stader der heile vårt liv, på godt og vondt, finn eit gjensvar. Kyrkja skal vere ein slik stad med ærleg rom for det sårbare livet, og som stadig forkynner trua på at Gud kan røre ved livet vårt, slik at vi finn håp, nytt liv og nye songar.

Maria sitt gjensvar til Guds kall var å bære Jesus til jorda. Elisabeth sitt gjensvar på Maria sin altfor tidlege graviditet var lovprising og takk. Folk sitt gjensvar på Jesus var då som somme tider no; avvisning, latterleggjering og bortvente ryggar. Men bærande gjennom alle tider har gjensvar vore i tru, nytt liv og håp.Slik Maria bar Jesus til verda, slik bær kyrkja evangeliet om Jesus og Guds kjærleik til verda. Ved å vere ein del av Kyrkja gjev vi vårt gjensvar til evangeliet. Slik forretningskvinne Lydia gav sitt gjensvar på evangeliet ved å ta leiing, opne heimen og dele av sin rikdom for evangeliet. Slik har menneske i generasjonar gjeve sitt gjensvar ved å forvalte sine liv og ressursar i kyrkja.

La oss dele Guds kjærleik, og dele Guds gode gjensvar mellom oss.  La oss møte kvarandre med dei same gode blikka vi tek imot dåpsborna med. Slik at vi kan vekse i trua gjennom livet, lære å synge ulike stemmer saman, men også finne våre eigen songar. La oss bidra til at kyrkja kan vere ein trygg bedande vegg å lene seg mot for menneske som fortvilar, sørger eller gjer naudsynte oppgjer. Slik kan vårt gjensvar kan vere å dele av våre liv, vår tid og ressursar – slik at det kan bli til meining for oss, til velsigning for andre og til Guds ære.

Guds gjensvar til menneske er evig kjærleik, og evig nærvær gjennom Jesus, og Den heilage Ande som kjem igjen og igjen for å skape nytt liv og håp av det som er umogleg.

Ære være Faderen og Sonen og den heilage Ande som var er og vere skal ein sann Gud frå æva og til æva. Amen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"