Engasjert som frivillig i ei ny tid

At mange engasjerer seg gjennom frivillige oppgåver i kyrkjelyden utgjer den positive dynamikken vi finn i kyrkjelyden vår. Ulstein sokn går nye vegar for å rekruttere og administrere dei mange frivillige. Dette gjer at både vi som administrasjon og du som frivillig vil spare tid og få ei enkel og oversiktelig løysing. Vi samarbeider med Ulstein-selskapet som lanserte AIDO- appen for å knyte saman ledige ressursar og oppgåver på ein oversiktlig og enkel måte. Slik fungerer det:

Engasjert som frivillig i ei ny tid

Under denne artikkelen finn vil du finne ein pdf som viser og forklarer korleis AIDO- appen vil fungere på mobiltelefon. Vi vil prøve å beskrive prinsippet i nokre korte trekk.

AIDO er ei teneste som knyter saman ledige ressurs (arbeidarar) og oppgåver som treng å bli løyst (jobber). AIDO- tenesta er tenkt både for frivillig arbeid og lønna arbeid. Ulstein sokn kjem å bruke AIDO i hovudsak for å frivillig arbeid.

Ideen er simpel: Treng Ulstein sokn frivillige til å ta oppgåver på t.d. eit trusopplæringsarrangement, sender soknet ut ein førespurnad til registrerte frivillige (arbeidarar) som får denne meldinga via appen. Dei kan ta oppdraget (jobben) avvise det i appen. For at ikkje alle frivillige får alle førespurnader blir frivillige registrert på ulike oppdrag (jobber) / interesseområde dei kan vere aktuelle for. Det er ingen andre av dei frivillige som ser svaret som er gitt av den enkelte.

For å kunne bruke AIDO målretta er det viktig at så mange som mogleg av dei frivillige registrerer seg i appen som arbeidarar. Arbeidarane vil bli registrert på lister med ulike oppgåver dei kan vere aktuelle for. Dette kaller appen for Ressurspool. Ulstein sokn administrerer denne ressurspoolen. For å sikre at ingen blir lagt til mot sin vilje må alle som registrerer seg akseptere å bli lagt inn i denne ressurspoolen. For å få registrert så mange som mogleg har vi utarbeidt eit registreringsskjema som du kan fylle ut under her.

Ønskjer du å bidra til kyrkjelyden sitt arbeid ber vi deg om å gjere 2 ting:
1. Last ned appen AIDO og registrer deg som brukar der.
2. Fyll ut skjema under her for å registrere deg som frivillig i Ulstein sokn.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"