Invitasjon til dåp

Dåpen er ei feiring av livet, og alle som ynskjer å døype barnet sitt er velkomne i kyrkja. Tidlegare år fekk kyrkja fødselsmeldingar frå Folkeregisteret når medlemar i Den norske kyrkja fekk barn. På den måten var det enkelt å kontakte dei nybakte foreldra for å invitere til dåp og orientere om kyrkja sitt tilbod til baby og småbarnsforeldre. Men dette er no endra, det vert ikkje lenger sendt ut slik informasjon til trus og/eller livssynssamfunn.

  Dåp har framleis høg oppslutnad i Ulstein. Det er både ein viktig tradisjon og ei tru på at Gud tilfører våre liv ein viktig dimensjon. Eline Dimmen blei døypt i Ulstein kyrkje på visitasgudstenesta 3. februar av sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte.

Dette gjer at kyrkja ikkje har tilgang til namn- og adresselister på dei, av sine medlemar som føder born og slik kan sende ut invitasjon til dåp. Derfor vert det opp til kvar enkelt å ta kontakt og sjekke ut aktuelle datoar for dåp. Nettsida til kyrkja har til ei kvar tid tilgjengeleg informasjon om dåp, kva det inneber, tidspunkt for dåp, tidspunkt for dåpssamtale og vidare kva barnet vert invitert til å vere med på framover. Alle sokn tilbyr trusopplæring fram til barnet er 18 år. Det startar med babysong og avsluttar med fest for 18-åringar, og innimellom der er det mange allsidige tilbod dei døypte vert invitert til å vere med på.

Livet er ei gåve
For mange handlar dåpen om tradisjonar, gode minner, å skape ein dag for familien og å ha eit punkt i livet som nettopp handler om dét: Livet. For om ein trur eller ikkje, er livet noko forunderleg. Ei gåve, noko ein kanskje ikkje kan sette ord på. Om ein tviler eller trur, så er alle velkomne til dåp og det er ulikt kva ein legg i å vere kristen, dåpen handlar om å bli boren av den treeinige Gud, ikkje boren av ei tru ein sjølv skal prestere.

Velkomen til dåp
Vi har lang tradisjon for å døype barn i Noreg. Dåpen er ei høgtidleg handling, barnet vert bore fram, vert døypt, og er midtpunktet for alle. Det vert knytt eit nettverk rundt barnet, fadrane tar på seg ansvar for å følgje opp barnet og lære det om den kristne tru. Kyrkjelyden tek imot eit nytt medlem, og barnet blir ein del av Den norske kyrkja. Dåpen er ei samling rundt barnet, med familie, vener og dei ein har kjær – der ein feirar det nye familiemedlemet.

Ingen aldersgrense
Det er også viktig å poengtere at dåp har inga aldersgrense. Nokre foreldre kan meine at dette skal barnet velje sjølv, og kan då sjølvsagt ta del i trusopplæringa og kome fram til sin eigen konklusjon og la seg døype etterkvart. Før ein vel å bli konfirmert må ein vere døypt. Velkomne til dåp!

Den norske kyrkja i Søre Sunnmøre prosti

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"