Bli kyrkjesvale!

Kyrkjesvalane i Ulstein kyrkje er “Saman på ferda” i gudstenester og har viktige oppgåver der. Er du mellom 5 og 12 år og har lyst til å vere kyrkjesvale du også? Vi treng fleire kyrkjesvalar og vil gjerne invitere deg til å bli med på kyrkjesvalesamling!

Bli kyrkjesvale!

Ein svale er ein fugl som er veldig god til å flyge, og synge.
Den bur over heile verda, og ordet svale kjem av norrønt ‘den som rører seg hit og dit’.

Kyrkjesvalar er ikkje verkelege fuglar, men born som får dei viktige
handlingane i ei gudstenesta til å gå slik dei skal.

Møt opp i kyrkja, måndag 3. juni 2019, kl. 17.30 - 19.00

Vi gjev opplæring i oppgåver som å:

  • vere med å ringe i kyrkjeklokkene
  • bære inn prosesjonslys, kors og andre ting
  • sitje framme i koret og hjelpe til
  • gje dåpsklutar under dåpen
  • tenne lys i lysgloben
  • tenne dåpslys frå Kristuslyset.
  • finne fram teiknebrett til born som treng det
  • vere med å samle inn offer
  • dekke eit lite alter med nattverdutstyr
  • løfte brød og vin under nattverden
  • dele ut nattverd
  • teikne kors i handa på folk med vatn frå døypefonten
  • samle inn bøker og ark

Ein kyrkjesvale kan sjå fram til noko kjekt og spennande kvar gong det er gudsteneste!

Den søndagen du har lyst å hjelpe til, møter du opp i kyrkja kl 10:30 og melder deg til Inge. Då får du «svalebutton» som syner at du er medhjelpar og har ei oppgåve. Det kan også vere vi spør dersom vi treng å vite på førehand om du kan gjere ei oppgåve. Alt skjer sjølvsagt etter samtykke frå foreldra om at barnet kan delta med oppgåver i kyrkja.

Bli med - kom og ver kyrkjesvale!

 

Helsing

Margit prest og Inge klokkar

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"