Utanbygds gravferd

Alle har rett på frigrav i den kommunen der dei er busett (folkeregisterført). Dersom det er ynskje om å halde gravferda i ein annan kommune denne, kan den lokale kyrkja krevja å få dekka utgiftene knytt til dette.

Utsikten frå kyrkjetårnet på Bø. Foto: Sølvi Helen Kvalheim Mjøs.

Betaling for utanbygds gravferd 2024

  • Kistegrav: Kr 19 920 inkl. mva (festeavgift kjem i tillegg, kr 680 pr. år)
  • Urnegrav: Kr 9960 inkl. mva (festeavgift kjem i tillegg, kr 680 pr. år)
  • Leige av kyrkja: Kr 1500
  • Tenesterefusjon, kyrkjemusikar: Kr 2800
  • Tenesterefusjon, kyrkjetenar: Kr 1870
  • Særskilt reservert grav (festegrav): Kr 13 600

Desse satsane gjeld for gravferd når avdøde ved dødsfallet var folkeregisterført i annan kommune enn Alver.

Nokre prisdøme

  • Avdøde ikkje folkeregisterført i Alver, ynskjer ny grav pluss reservert grav (festegrav).
    Sermonien vert halde i det soknet der avdøde var folkeregisterført.

    Her skal ein betale:
    Kistegrav kr 19 920
    Festeavgift ut fredningstida kr 680 x 20 år
    Særskilt reservert grav kr 13 600
    SUM kr 47 120

 

  • Avdøde ikkje folkeregisterført i Alver, ynskjer ny urnegrav og seremoni i ei kyrkje i Alver.

    Her skal ein betale:
    Urnegrav kr 9960
    Festeavgift ut fredningstida kr 680 x 20 år
    Leige av kyrkja kr 1500
    Tenesterefusjon for kyrkjemusikar kr 2800
    Tenesterefusjon for kyrkjetenar kr 1870
    SUM kr 29 730

 

  • Avdøde ikkje folkeregisterført i Alver, ynskjer ny grav pluss reservert grav (festegrav) og seremoni i ei kyrkje i Alver.

    Her skal ein betale:
    Kistegrav kr 19 920
    Festeavgift ut fredningstida kr 680 x 20 år
    Særskilt reservert grav kr 13 600
    Leige av kyrkja kr 1500
    Tenesterefusjon for kyrkjemusikar kr 2800
    Tenesterefusjon for kyrkjetenar kr 1870
    SUM kr 53 290

Pris for kiste- og urnegrav inkluderar 25% mva. Det er ikkje mva på festeavgift, leige av kyrkja eller tenesterefusjon for bruk av kyrkjemusikar/kyrkjetenar.

Satsane vert regulert kvart år av Alver kyrkjelege fellesråd utfrå konsumprisindeksen.

 

NB: Betaling for prest

I visse høve må ein også betale for prest. Dette gjeld når avdøde var busett utanfor prostiet, altså utanfor Nordhordland prosti. Prosedyre: Familien skriv under på eit skjema som presten tek med (Fakturagrunnlag for gravferd), og bekrefter då at ein er kjend med ordninga. Etter gravferda vil bispedømekontoret sende rekning til familien for prestetenesta. Det ligg lenke nedanfor til bispedømet sin nettsak om dette. 

Siste oppdatering: 03.01.2024

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"