På samlinga vil ein ha både øvingar, diskusjon, undervisning, leik, eit måltid mat og mykje kjekt. Du kjem til å utvikle deg gjennom praksis og få oppfølging av ein leiar. Ein leiar er ikkje noko du er fødd som, det er noko du blir gjennom å tileigne deg kunnskap og kompetanse.
På leiarkurs kjem ein til å jobbe meir med desse tema:
- Eigen leiing
- Samarbeid
- Klokskap
- Kommunikasjon
- Eigenutvikling
- Du og dei andre
- Du og Gud
- Prioritering
- Mål og styring
tre samlingar våren 2024
11. januar (kyrkjekontoret Frekhaug) kl 19.00-21.30
24. januar (Knarvik kyrkje. 19.00-20.00) Møte for foresatte om utenlandstur
22. februar (Knarvik Kyrkje. 19.00-21.30)
London-tur sommer 2024
Det blir tilbod om tur til London.
For å kunne vere med på turen til London må du ha vore med på minst fire av fem samlingar.
Turen er ikkje open for andre enn ungdom som er med på leiarkurs.
Eit innsamlingsprosjekt er noko av praksisen til ungdommane. Gjennom basar, kakesal, og dugnad samlar ein inn pengar til tur til England.
Praksis med rettleiing
Deltakarane kjem til å få god oppfølgjing av leiarane. Saman skal dei verte samde om kor deltakarane skal ha sin "ungdomsleiarpraksis".
Det kan vere:
- Søndagsskule
- Klubb
- Leir / konfirmantleir
- Lys Våken
- Tårnagentar
- Agent for rettferdighet
Talet på praksistimar vil kome på avslutningsdiplomen for kurset.
Avslutning og kursbevis
Når kurset er gjennomført, vil deltakarene få utdelt eit kursbevis. Dette kjem til å skje under ei høgtidleg markering på ei gudsteneste sommer 2024. Eit slikt bevis er godt å ha når du eventuelt skal søkje på sommarjobbar eller andre ting.