Biskopen i Dovre - time for time

Biskop Solveig Fiske er på visitas i Dovre.

Biskopen i Dovre - time for time

Visitasen starta med besøk på Dombås barneskule, der elever på 1 og 2. trinn hadde adventsamling i Moskushallen. Takk for at vi fekk komme! "Kul tur Hjerleid" - Helle orienterte om Handverkskulen, munnharpespill før biskopen smidde seg krok i smia, laga treengel i tresalen og såg tømring i laftehallen. Dagen inneheldt også møte med ungdomsrådet, staben og rådet.

Onsdag var det møte med formannskapet, der biskopen starta med å spørje korleis er det å være menneskje i Dovre? Gudsteneste i Fredheim kapell med omlag 50 tilstades. Fredheim serverte kyrkjekaffe med snitter og kake - tusen takk! Så gardsbesøk: Først til Bjørnhild og Bjørn på Vigerust der biskopen fekk sjå mjølerobot i funksjon og ei ku "vaska" bispekorset. Besøk hjå sauane og Elin og Alf i Arnkleivsjordet - takk for kaffe! Biskopen var på "Stjernedryss" - kulturskulens forestilling - for ei forestilling og for nokre stjerner vi har!

Torsdag var det full fokus på barn og unge. Adventsamling i Dovre kyrkje med barnehage og skule - og for ein sang! Både der og i Dombås kyrkja har elevar og barnehageborn pynta med englar og stjerner. Kom og sjå! Dombås barnehage var i kyrkja på sangstund. Biskopen møtte elevar frå ungdomskulen og vidaregåande - å være ung i Dovre. Kaffemøte på heime om ungt reiseliv. Konfirmantane gjennomførte Ung ljosmesse saman med prest og organist i Dombås kyrkje. Til sist; hyggekveld for kyrkjas sine friviljuge, råd, tilsette m.fl.

Laurdagen var det to programposter. Adventskonsert i Dombås kyrkje med unge utøvere. Denne vart avrunda med ei markering for årets dåpsbarn og familier. Deretter det gode måltid med god mat fra Syria og Somalia, samt risengrynsgraut. Sang, dans og gode samtaler. Og ein glad to-åring fekk ride-ride-ranke på biskopens fang.

Søndag - visitasmesse i Dovre kyrkje. Under kyrkjekaffen heldt biskopen visitasforedrag og overleverte 8 utfordringar til råd og tilsette.

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"