Velkomen til Brandøy-helg 29.-31. oktober

Fitjar indremisjon, i samarbeid med Fitjar kyrkje og Imf Fitjar, inviterer til leir helga 29.-31. oktober. Felles samlingar og ulike aktivitetar for ALLE uavhenging av tilknyting og alder. Tema for helga: Forventing.

Velkomen til Brandøy-helg 29.-31. oktober

Brandøy misjons- og konferansesenter ligg på Bjoa i Vindafjord kommune, og har adresse Bjoavegen 1213. Det tar ca 1 time og 45 min å køyra til Brandøy frå Fitjar. På internatet er det rom med alt frå 3-5 sengeplassar, og alle romma har eige bad. Det er dyner og puter til alle senger, men ein må sjølv ha med seg sengjetøy (laken, putevar og dynetrekk, eller laken, putetrekk og sovepose), eller ein kan leige dette på Brandøy. Brandøy er eigd av Indremisjonssamskipnaden, og vert i hovudsak driven som leirplass. Hovudbygget har internat, møtesal, peisestove og matsal. I tillegg er det ein stor aktivitetshall på Brandøy, og tre hytter. Det er eit stort uteområde med skog, leikeplass, ulike ballbanar, plen og strandlinje/kaianlegg.

Pris for heile helga:

Vaksen (16+): 1160,-

13-16 år: 780,-

8-12 år: 700,-

3-7 år: 620,-

Under 3 år: Gratis

Maks pris pr familie: 3650,-


Tillegg for einerom: 300,- Leige av laken: 30,- Leige av sengetøy: 100,- Oppredd seng+handkle: 225,- Lading av el-bil pr gong: 50,-

 

 
Når ein melder seg på digital er det den første personen som registrerer seg med kontaktinformasjon. Så kan ein leggja til inntil 5 personar til i same påmeldinga. Skal ein ikkje melda på så mange må ein klikka seg vidare ("neste") forbi dei tomme skjemaa. Så trykkjer ein på send, og får opp meldinga Svaret ditt er registrert. Då er påmeldinga registrert. Ein får ikkje noko automatisk mail etterpå om at ein er påmeldt.
Det er dessverre ikkje ubegrensa plassar på leiren/Brandøy, og me nyttar "først til mølla"-prinsippet om fleire vil vera med enn det det er plass til.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"