Ungdomsarbeid i Fusa

Ungdomstida er for mange den tida dei har mest med kyrkja å gjera - gjennom konfirmasjon, ungdomsgrupper, og andre aktivitetar.

Ungdomsarbeid i Fusa

I Fusa sokn ynskjer me å gje ungdom gode opplevingar som dei kan ta med seg resten av livet. For dei aller fleste kjem desse opplevingane gjennom konfirmasjonstida, der dei er med på eit opplegg som varer frå september til mai, med leirar, gudstenester, undervising og ulike aktivitetar. Men me har òg fleire andre aktivitetar retta mot tenåringar:

- Klubben:  Open klubb for alle tweens, 5.-8. klasse. På Eikelandsosen bedehus fedagar etter plan. Her er det aktivitetar, spel, kiosk, andakt, konkurransar og mykje meir som skjer. Ingen påmelding - berre kom! Meir info om Klubben får du viss du tar kontakt med kyrkjelydsmedarbeidar Eirun. 

- Smågruppe: Leiartrening og litt meir "djupdykk" for dei som ynskjer litt ekstra utover det dei får i konfirmasjonstida. Gruppa er open for dei mellom 13 og 20 år, og møtest i ein heim. Her er det samtale, bøn, undervising, film der ein går djupare inn i eit tema som handlar om kristen tru og liv. Om du er interessert i meir informasjon om gruppa, ta kontakt med kyrkjelydspedagog Norunn.

- Ungdomsgudstenester: Ein gong i månaden gjennom heile skuleåret, blir det arrangert ungdomsgudstenester på Eikelandsosen bedehus, sundagar klokka 19:00. Dette er gudstenester med ein tydelegare ungdomsprofil, og har få liturgiske ledd og kortare preiker, med nattverd, bønevandring, og felles kveldsmat på slutten. Alle aldrar er velkomne til å vera med på desse, men dei er særleg tilpassa dei som er mellom 14 og 20.

I tillegg har me andre ungdomsretta enkelthendingar i løpet av året, som du kan lesa meir om under.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"