Vigsel i kyrkja

Bryllup er ei viktig og flott hending og ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei står ikkje åleine. Løfta vert gjevne med vitne til stades.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Brudefolka kan vere unge eller godt vaksne.

Dei kan feire dagen med familie, slekt og vener, eller dei kan sei ja til kvarandre berre med prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllup - i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Etter kyrkjemøtet sitt vedtak januar 2017, er det no mogleg å velge to ulike liturgier til bruk i seremonien. Har de særleg ønske om kva liturgi som skal brukast, ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid.