Planlegging av dåp

Her finn du nyttige tips til planlegging av dåp.

Planlegging av dåp

Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventuelt andre ting vert avklart.

Ring kyrkjekontoret og avtal dato. Før dåpsdagen må foreldra sende inn namnet til barnet til Folkeregisteret, og kyrkjekontoret må ha personnummeret til barnet for å registrere dåpen. Du kan nå oss på telefon 90 59 70 55. Opningstid tysdag til fredag kl 09.00-14.00 eller e-post: kyrkja@giske.kommune.no.

Ein av prestane vil saman med kyrkjelydspedagogen ha dåpssamtale med foreldra i forkant av dåpen. Det er felles dåpssamtale i ei av kyrkjene for dei som skal ha dåp dei nærmaste søndagane. Under dåpssamtalen går vi gjennom dåpshandlinga, kva dåpen inneber, praktiske spørsmål og kva tilbod kyrkja har etterkvart som barnet veks til.

Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ønsker de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? 

Når det er gudsteneste med dåp kyrkjene våre, er foreldre og barn vanlegvis ein del av den prosesjonen som går inn i kyrkja i starten av gudstenesta. Foreldra tek så plass på benkane fremst i kyrkja.

Sjølve dåpen kjem ganske tidleg i gudstenesta. Det er greitt at ein tek av barnet dåpshue før ein ber barnet fram til døypefonten.

Ved dåpshandlinga nyttar ein berre fornamnet til barnet (ikkje mellomnamn eller slektsnamn), men det fulle namnet vert teke med i informasjonen i gudstjenesta.

Medan barnet vert døypt, vert eit dåpslys tent. Dette lyset vert overlevert til ein i dåpsfølget, og kan tennast på dei komande dåpsdagane. Husk å ta med lyset heim etterpå. Dei kan også ta med kluten som vert nytta til å tørke hovudet til barnet etter dåpshandlinga.

Her kan de finne dei liturgiske ledda i sjølve dåpshandlinga.

Dåpssamtale blir haldne i kyrkja ein gong i månaden.

Om dato eller tidspunkt ikkje høver, kan ein avtale dåpssamtale på eit anna tidspunkt. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"