Sokneprest André Sjåvåg

André Sjåvåg vart sokneprest i Valderøy sokn somaren 2011. Før denne stillinga var han sjukehusprest i Ålesund i åtte år.

Sokneprest André Sjåvåg

Frå 1993 til 2003 budde han i Milwaukee, USA, saman med kona og dottera. Då dei kom til Noreg busette dei seg på garden til besteforeldra til André og bur der i dag saman med gode naboar, ein katt og to fjordhestar.

André ble født i Oslo, flytta så til Valderøy, seinare til Oslo for å studere og så til USA. Han lærte aldri Valderøydialekta, men er ganske god på engelsk.

Mykje av fritida går med til song, både i kor og som solist. Han syng i Ålesund Kammerkor og har vore korsongar frå han var åtte år. Ellers har André fått med seg fleire turar som autolinefiskar og hatt mange flotte opplevingar til sjøs.

Ei levande kyrkje er eit godt mål for alt arbeid, og André ønskjer vere med på sin måte mot dette målet. Gudstenestelivet og eit fellesskap som feirar i lag er viktig, difor går mykje energi og fokus inn i førebuing av dette. Likevel er det særs viktig at forkynninga ikkje blir skrivebordsarbeid, men hentar materialet og spørsmål frå det levde liv.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"