Valfart til kyrkja

Giske kyrkje er eit naturleg mål for kystpilegrimar, no som før. Historisk var det valfart til kyrkja, særleg etter at pavebrevet frå 1345 vart kjent. Når den gamle kystpilegrimsleia no er lansert på nytt, er Giske ein viktig stopp på vegen nordover mot Nidaros eller sørover mot Selje kloster.

Valfart til kyrkja

Kystpilegrimsleia

Pilegrimar er velkomne til Giske kyrkje. Dei som kjem i eigen båt, kan legga til ved gjestebrygga inst i båthamna ved kyrkja. Det er også ei offentleg kai der større båtar kan legga til etter avtale. 

Buss nr 664 frå Ålesund stoppar like ved kyrkja. Har du sykkel, kan du ta han med på hurtigbåten til Valderøya og sykla 6 km. Vel du å gå frå hurtigbåtkaia, bør du rekna mellom ein og to timars vandring til kyrkja, alt etter kva rute du vel å gå.

Kyrkja er normalt open på dagtid i sommarsesongen frå slutten av juni til midten av august.

Pilegrimspass kan stemplast i kyrkja.

Stempel i passet

 

Valfart til Giske i eldre tid

På ytterveggen mot aust har pilegrimane rissa inn i marmorsteinane fleire korsmerke. Dette er såkalla "kyssekors" som også er kjent frå andre valfartsstader. I hundreår på hundreår står kyrkja og vinn ry og vyrdnad med sine jamt rikare tradisjonar. Men Giskeætta si hovudgrein døydde ut, og seinare kom reformasjonen, som trengde bort katolisismen og vel dermed den sakrale plass kyrkja hadde i folket. Det er elles interessant å vite at dei første reformasjonstendensane ein kan spore på landsbygda i Norge, skal ha teke til her på Giske.

Det var i åra 1528-33 då Inger til Austråt let futane og tenarane sine bu her. Til bispen i Nidaros vert det klaga over ein Oluf skrivar som "... er en principal for at kvæde og beskjemme prester efter Luthers digt... ". Denne Oluf vart seinare forboden å synge i kyrkja, men då sang han frå trea på kyrkjegarden.

Etter kvart som åra gjekk og stordomstida tok slutt, sette det også sine merke på kyrkja. I år 1743 vart det i eit brev frå soknepresten i Borgund fortalt at Giske kyrkje i nesten 20 år hadde stått utan tak. Eigaren hadde ikkje inntekt på kyrkja, og huset vart såleis ikkje halde ved like. Giskegodset hadde no lenge vore styrt av lensherrar og futar - og dei siste åra vore oppdelt, kjøpt og seld fleire gonger av private - og mangt vart til forfall.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"