Valderøy kyrkje

I statsråd hos kongen den 12. april 1957 vart det gjeve kongeleg resolusjon for bygging av kyrkje på Valderøy i Borgund prestegjeld.

Valderøy kyrkje

I resolusjonen heiter det at namnet skal vere Valderøy kyrkje. Valderøy mannskor var dei som tok opp tanken om å byggje kyrkje, og på eit almannamøte den 23.november 1944, medan krigen raste, vart det vedteke å gå inn for reising av kyrkje på Valderøy.

Det vart i åra framover samla inn pengar, både av Valderøy mannskor,Valderøy husmorlag og seinare Valderøy kyrkjeforening. Folket på øya støtta opp om innsamlinga både med pengar ved innsamlingane og ved å gi dagsverk til innsamlinga. Presten Bjarne Storset, som kom til øya i 1950 var ein god pådrivar.Bygging

Torsdag 18.09.1958 vart det første spadestikket teke, grunnsteinen vart lagd ned 29.07.1959, og 29.juli 1961 vart kyrkja innvigd. Det meste av innventaret var gåver frå folk som på ein eller annan måte hadde tilknytning til Valderøya.

Første tida leigde kommuna kyrkjekjellaren til kontor, men då rådhuset vart bygd, flytta dei kontora dit. No vart kjellaren innreidd til bruk for kyrkjelyden, ein stor sal og eit mindre møterom, samt kjøkken vart tillaga. Kjellaren vart mykje brukt, så i 1999 vart det ny oppussing. Ungdomane fekk eit rom dei kunne bruke til sitt, dei laga til kafé og kalla rommet for Malaki. Dei hadde ope fleire kveldar i veka, og mykje folk var innom. 

UtvendigI 2000 kom det opp at kyrkja burde få nytt orgel, det vart vald ein komité som skulle arbeide med dette, og dei gjorde ein framifrå jobb. Dei starta ein innsamlingsaksjon og klarte å samle inn 400.000 kroner - frå privatpersonar og bedrifter. Det nye orgelet, eit digitalt orgel frå Allen Organ var ferdig innstallert 7. desember 2004.

I 2008 vart det gjort alvor av å bygge bårekapell. Bårekapellet er bygd i forlenging av kyrkja mot søraust. Eit vakkert åttekanta kapell, enkelt og stilig. I samband med bygginga av kapellet fekk vi renovert kjellaren heilt, nytt golv og nye vindauge, skikkelege toalett, heis og handikaptoalett.

Minnesmerke

Kyrkjegarden: I 1968 vart det starta med å lage til ny gravplass rett nedanfor den gamle. Den vart teken i bruk sommaren 1969. I 1990-åra måtte ein til med meir plass, der vart drenert, laga til veier og planta, og vi fekk ein vakker gravplass. 

Minnesteinen for folk som har kome vekk på havet vart avduka 17.mai 1992. Den står no fint plassert rett nedanfor kapellet med plen, plantar og veier rundt.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"