Kyrkjelydshus

Etter fleire år med vurderingar, samtalar og forhandlingar overtok Hareid sokn huset den 31.10.2019 (dagen for Reformasjonen i 1517), og kunne endeleg seie at vi har fått kyrkjelydshus på Hareid. Stor takk for den vederlagsfrie gåva frå dei tidlegare eigarane, Hareid KFUK-KFUM og Hareid Indremisjon!

Ideen og visjonen om å ta over huset kom frå KM-medlem Eldrid Gryt, og blei for første gong presentert på årsmøtet til Hareid KFUK/M 1. mars 2016. Ho gjekk då på nytt inn i styret, no med spesielt ansvar for prosessen i Bedehus-saka. Det vidare arbeidet for dette var ei samhandling mellom Hareid kommune, Hareid KFUK/M, Hareid Indremisjon, bedhusstyret og Hareid sokn. Hareid sokn sine føresetnader for å ta over huset, var at det måtte kome eit tilbygg for kyrkjekontor. Den 11. november 2022 sto det nye kyrkjekontoret klart, alt under eitt tak og eit fint og symbolsk passande kontortilbygg til kyrkjelydshuset.

Kyrkjelydshuset med kyrkjekontor ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet.

Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus vert eit treffpunkt og ein møteplass open for alle – og vil bidra til å skape eit meir levande sentrum

HAREID FRIVILLIGSENTRAL er eigd av Hareid sokn, har og mange aktivitetar både dagtid og kveldstid. Frivilligsentralen gler seg over meir areal til dette viktige, sosiale entreprenørskap i Hareid kommune. Det er og ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig-butikken som drivast av Frivilligsentralen, og som ligg like ved kyrkjelydshuset. Miljøgata og det nye fint utearealet gir oss også nye moglegheiter til aktivitet.

Kyrkjelydshuset skal vere eit fleirbrukshus som kan leigast ut til ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær ved gravferd, med tilgjengeleg storkjøkken for dei som ønskjer det.

Dei andre aktivitetane som allereie var på huset ved overtakinga, fortset sjølvsagt som før, mellom anna KFUK/KFUM som driv Speidaren, Ten Sing, m.m., samt andre aktivitetar som korøvingar, møteaktivitet, osv.

LEIGE HUSET: Avtalar om bruk og leige av huset kan ein gjere ved å ta kontakt med kyrkjekontoret. Prisar, romkapasitet og vedtekter ser du lenger ned på denne sida.

PS: Frivilligsentralen sitt aktivitetsrom og møterom er IKKJE til utleige. Kun lag/organisasjoner kan låne gratis til møter (medlemsmøter, styremøter, arbeidsmøter etc.)

TEKNISK UTSTYR M.M.: Det er WiFi på heile huset (kode kan tildelast leigetakar). Storesalen i 2. etg. har nytt teknisk lyd og bildeanlegg, mikrofoner, videocanon og takfestet lerret. PA-anlegget er eit lydanlegg til formidling av musikk eller tale til ei større forsamling. På scena står eit nytt Steinway flygel (HAFEST), og i sidesalen 2. etg. eit mindre eldre flygel. Sidesalen i 2. etg. har monitor (m/chromecast) på vegg for tilkopling pc. Førebels fungerer ikkje teleslynga, i høve dei som har høyreapparat.

RENOVERING I SEINARE TID:

Våren 2022 blei det skifta golv i salane og sommaren 2022 blei det satt opp ny lydtett foldevegg mellom salane i 2. etg., slik at salane eventuelt kan brukast samtidig om ønskjeleg. Seinhausten 2022 blei ytterlegare renovering gjennomfør i høve tilbygg kyrkjekontor. Då fekk heile huset brannalarmsystem og brannsikring som inkluderer skifte av dører og eindel vinduer, noko som medførte nytt låsesystem (ytre skalsikring). Snøvfangarar blei montert på alle tak. Inngangspartiet fekk eit løft med ny inngangsdør, spilevegger, varmomnar, nytt tak og takbelysning med bevegingssensor. Salane har også fått lysskjerming for alle vinduene. Taket i storsalen blei isolert seinhausten 2022.

Hausten 2023 blei golvet i lisjesalen 1. etg. skifta (gåve frå privat gjevar). Og det blei bygd tak over inngangspartiet til aktivitetsrommet frivilligsentralen, som sikringstiltak for snøv og is frå hovudtaket.

VIL DU BLI FAST GIVAR? Lenger ned på sida finn du informasjon om givarteneste kyrkjelydshus. Bli med på laget, alle monner drar! Kontonr. kyrkjelydshus: 4213.40.93611. Vippsnr. kyrkjelydshus: 525936. Kontakt oss gjerne dersom spørsmål, telefon 70095130. Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

PS: Bankbytte august 2022 gav nytt bankkontonummer, som nemnt ovanfor. Men det gamle bankkontonummeret fungerer også for dei som brukar det som fast trekk for gjevarteneste til kyrkjelydshuset.

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger