Kjekt med kyrkjelydshus!

Hareid sokn er svært takksame for gåva frå Hareid KFUK-KFUM og Indremisjonen som kan kome alle til gode! Litt etter kvart vil aktiviteten auke.

Kjekt med kyrkjelydshus!

Arbeidet i soknet er mangfaldig og krev ulike rom for all aktiviteten, frå dei minste til dei eldste. 

Nye tiltak
Nye ting kan vi også sette i gang med når vi har dette huset tilgjengeleg. Det første som vert starta opp med er Vaffel treff annan kvar mandag. Då er huset ope frå kl.12-14 for alle som har lyst til å stikke innom for ein kaffi, ei vafle og god prat. Det er frivillige som kjem til å drive dette tilbodet.
Ein heilt uformell treffstad for alle som treng eit stopp i kvardagen!

Onsdagsmiddag
Kvar onsdag kl.16:30 tilbyr vi middag på huset. Ein enkel middagsrett, men kanskje mest tilrettelagt for småbarnsfamilier. Den eine onsdagen er det småbarnssang i etterkant av serveringa, og då er menyen pølse m/brød, frukt og kaffi. Den andre onsdagen litt "meir avansert" middags meny og med kaffi. Den onsdagen øver VI-koret frå kl.17:00 i 2.etg.

Utleige
Ein kan også leige lisjesalen i første etg.til minnesamvær etter gravferd. Då er det mulig å leige "full pakke"; dekka bord, kaffi og enkel servering, eller berre leige roma og ordne seg sjølv. 
Salane er også godt eigna til små og store selskap, og langt framover våren er huset bestilt til ulike korkafear og konsertar.

Frivilligsentralen
Den tidlegare peisestova vert renovert til aktivitetsrom for frivilligsentralen med eigen inngang på oppsida av huset. Den kjem då i direkte linje til bruktbutikken på andre sida av miljøgata. Her ser vi for oss eit fint myldremiljø til sommaren med utebord og kaffikos.
Frivilligsentralen har også eit eige møterom knytt til seg som lag og organisasjonar kan låne til sine styremøter.

Takk!
Stor takk til alle frivillige som har stilt opp med ulike tenester hittil! Vi kjem til å trenge mange fleire framover. Tenk kor kjekt dette blir for oss alle!
Men for å sette huset i stand for god drift er vi avhengige av gåver.
Vipps til 525936 om du vil støtte. Og kan du tenke deg å vere med i kyrkjelydshusforeninga er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret! Den foreninga er i oppstartsfasa.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"