Gravferd

Mange praktiske spørsmål melder seg i samband med ei gravferd. Dette kjem i tillegg til tapet av ein kjær. Vi vil her gje svar på nokon av dei praktiske spørsmåla. Andre spørsmål vil vere naturleg å ta opp i samtale med presten eller med gravferdsbyrået før gravferda.

Kyrkjeverja i Meland har forvaltningsansvaret for gravplassen på vegne av alle innbyggarane i kommunen. Kyrkjegarden har lokale vedtekter (sjå vedlegg) og drifta er også regulerte av gravferdslova og forskrifta til gravferdslova.

Kistegravferd er det mest vanlege i Meland. Men vi ser også at det er fleire og fleire som vel kremasjon. Nokre gonger er det ikkje avsett plass til å begrave fleire kister i same gravstad, eller det fins andre grunnar til å vurdere kremasjon.

Alle, uansett trussamfunn, livsyn eller kulturell bakgrunn har rett på fri grav i sin eigen bustadskommune. Viss den som er død har vore busett utanfor Meland kommune, kjem det avgifter for å ta i bruk ei grav i Meland. Sjå vedlegg nedanfor. Viss ein også vil bruke Meland kyrkje til seremonien, vil det medføre leigekostnader. Er ein busett i Meland og medlem av andre kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan kyrkja leigast til bruk til seremoni etter avtale. Sjå vedlegga nedanfor