Sterke og varme striletonar

Det var engasjement og styrke over salme- og folketonekvelden i Melandkyrkja 21. september. Kvedaren Linda Røyseth Sandhåland og trekkspelaren Haakon Aase sette tonen med ei gripande og varm framføring av salmen Lei milde ljos. Deretter gjekk det i kveding, salmesong, fløyte og trøorgel.

Sterke og varme striletonar

Klokkar for kvelden, Johannes Lyngset, leidde forsamlinga gjennom ei avdeling med salmar slik dei kan ha vorte sungne då Melandkyrkja var ny i 1866 – på gammal dansk og i sakte tempo, sjølvsagt. Arnt S. Brakstad presenterte nokre av dei gamle gjenstandane i kyrkja, og kunne visa fram ting som hadde høyrt til i begge dei to kyrkjene som har stått på Meland før den noverande vart reist. Den nyrestaurerte kollekthåven med bjølle høyrde definitivt til i ei tid før kyrkjelyden kunne gje kollekt via kortlesar bak i kyrkja.

Konserten vart avslutta med at det lokale prosjektkoret leidd av dirigent Kristine Fluge framførte ”Striletonen vår Herre skapte”. Koret gav dei mange frammøtte ei vakker og engasjert framføring av religiøse folketonar frå Nordhordland. Solistar var Kjersti Wiik og Johannes Lyngset. Laila Kolve spela fløyte, og Sjur Hjeltnes trakterte det innlånte trøorgelet og kyrkjeorgelet. Gamleorganisten Arvid Sakseide batt kvelden saman.

 Arve Kjell Uthaug

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"