Kyrkja får ikkje lenger fødselsmeldingar

Tidlegare fekk kyrkja fødselsmeldingar frå Folkeregisteret når medlemar i Den norske kyrkja fekk barn. Det var derfor enkelt å sende invitasjon til dåp. No er det opp til foreldra å ta kontakt for å avtale dato for dåp. Alle som ønskjer å døype barnet sitt er velkomne i kyrkja!

Kyrkja får ikkje lenger fødselsmeldingar

Kyrkja har ikkje lenger tilgang til namn- og adresselister til medlemar som har fått barn, og kan derfor ikkje sende ut invitasjon til dåp som tidlegare. Difor er det opp til kvar enkelt å ta kontakt og sjekke ut aktuelle datoar for dåp. Nettsida til kyrkja har til ei kvar tid tilgjengeleg informasjon om då: kva dåpen inneber, tidspunkt for dåp, tidspunkt for dåpssamtale og vidare kva barnet får invitasjonar til å vere med på framover. Alle sokn tilbyr trusopplæring fram til barnet er 18 år. Det startar med babysong og held fram med mange allsidige tilbod. 

 

Livet er ei gåve

For mange handlar dåpen om tradisjonar, gode minner, å skape ein dag for familien og å ha eit punkt i livet som nettopp handlar om: Livet. For om ein trur eller ikkje, er livet noko forunderleg. Ei gåve, noko ein kanskje ikkje kan setje ord på. Om ein tviler eller trur, så er alle velkomne til dåp. Dåpen handlar om å bli boren av den treeinige Gud, ikkje boren av ei tru der ein sjølv skal prestere.

 

Velkomen til dåp

Vi har lang tradisjon for å døype barn i Norge. Dåpen er ei høgtideleg handling. Barnet vert bore fram, vert døypt og er midtpunktet for alle. Det vert knytt eit nettverk rundt barnet. Fadderane tek på seg ansvar for å fylgje opp barnet og lære det om den kristne trua. Kyrkjelyden tek imot eit nytt medlem, og barnet blir ein del av den verdsvide kyrkja. Dåpen er ei samling rundt barnet, med familie, vener og dei ein har kjær – der ein feirar det nye familiemedlemmet.

 

Inga aldersgrense

Det er også viktig å poengtere at dåp ikkje har ei aldersgrense. Nokre foreldre kan meine at dette skal barnet få velje sjølv, og kan då sjølvsagt ta del i trusopplæringa og kome fram til sin eigen konklusjon og la seg døype etterkvart. Før ein vel å bli konfirmert må ein vere døypt.

 

Sula sokn ønskjer velkomen til dåp!

For meir informasjon sjekk ut nettsida vår eller ring kyrkjekontoret på tlf: 70 19 96 00

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"