Påske i vondskapens tid

Kvar einaste dag no kjenner eg, som mange andre, på ei djup fortviling og sorg over at vi framleis må oppleve krigens mørke og vondskap. Krigen er ikkje her hos oss, og det er ikkje vi som er på flukt eller som må forsvare heimane våre med våpen, men krigen skapar rørsler som ringer i vatn, og ringane frå krigen i Ukraina har skapt bylgjer også her hos oss. Vi blir bedne om støtte, og vi blir bedne om å ta imot flyktningar. Vi kjenner det i hjartet og mange har ein klump i magen. Og dette er ikkje den einaste krigen, og ukrainarane er ikkje dei einaste som er på flukt. Etiopia, Yemen, Syria, Libya, Mali og mange fleir, er land der tusenvis vert drepne, drivne på flukt og misser alt håp.

Påske i vondskapens tid

Eg har skrive som overskrift: Påske i vondskapens tid, - og kanskje du synest det øydelegg den gode påskestemninga der du er nett no. Eg gjer det fordi det er naudsynt å lyfte fram at påske ikkje fyrst og fremst er gule lys, kyllingar, påskeegg og billeg sjokolade. Påske er ein bodskap om livets kamp mot døden. Om lyset si kamp mot mørket. Påska sin bodskap er håp.

I dei fyrste orda i Bibelboka står det at i byrjinga var jorda aud og tom og eit mørke låg over djupet. Så starta Gud skapinga, og det skjedde da Gud sa: «Det skal bli lys!» og «Det skal bli liv!».

Når vi som menneske kjenner på at verda vi lever i vert driven fram av vonde krefter, og når vi kjenner på ei maktesløyse i møte med dei mektige her i verda, så kan mørket bli kvelande og kneble håpet vi treng for å leve.

Påskebodskapen i evangelia i Det nye Testamentet er ein bodskap om liv og håp, men også ein bodskap som rommar liding og mørke.

På langfredag, der vi minnast Jesu liding og død, kan det sjå ut som døden har sigra, og vi les at det vart mørkt midt på lyse dagen. Det minner oss om mørket frå skapingssoga før alt vart skapt. I påska skapar Gud på nytt liv og håp ut av det djupaste mørket. Lyset frå påskedagsmorgon er lyset frå den fyrste dagen i den nyskapte verda.

Påskedag seier vi til kvarandre i kyrkjer over heile verda: Kristus er oppstaden! Og det seier vi i trass og tru.

I vondskapens tid er det påskebodskapen vi trenger, bodskapen om at livet har sigra over døden. Det er dette håpet som kan gjere at vi ikkje gir opp og ikkje misser motet.

Difor vil eg ynskje deg velkomen til kyrkjene våre i Sunnfjord no i påska. Skjærtorsdag, Langfredag, Påskenatt og Påskedag. Kom og høyr ordet, be di bøn, slepp lyset inn, få nytt håp.

Så får godsakene og kosen kome attåt som ei ekstra bonus og trøyst her og no, og sjølvsagt skal du få pynte med gule påskeliljer og kyllingar som borna har laga på SFO. Kanskje kan vi i år kjenne på ei ekstra takksemd for alle desse små gledene som fortel oss om kor trygt vi har det her vi bur. God påske!

Ingvald Andersen Frøyen , Sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"