Til ungdomen – vil du jobbe i Førde kyrkje/kyrkjelyd?

Er du under 25 år og vil arbeide i Førde kyrkje? Vi har «prosjekt»-stillingar for unge medarbeidarar i Førde kyrkje / Førde sokn, og då ein av ungdomane no sluttar, så treng vi ny(e) inn.

Til ungdomen – vil du jobbe i Førde kyrkje/kyrkjelyd?

Oppgåver:

  • Medhjelpar på gudstenester der du les tekstar og hjelper til med praktiske oppgåver (klokkarteneste) – omlag ein søndag i månaden, noko meir om sommaren.
  • Medhjelpar på gudstenester og andre arrangement i kyrkja der du har praktisk ansvar for lys, lyd, rydding, snøbrøyting, litt reinhald o.l. (kyrkjetenar) -omlag ein søndag i månaden, og nokre kveldar ev laurdagar elles.
  • Medhjelpar på arrangement for barn og unge som 4-årssamling, Lys vaken, Vakuum-veka, Nattcup og praktisk hjelpar til andre oppgåver relatert til barne- og ungdomsarbeid.
  • Om sommaren har vi bruk for sesongarbeidarar/ferievikarar til praktisk arbeid med plenslått og luking på kyrkjegardane. Dei som blir tilsett som unge medarbeidarar kan få tilbod om slikt arbeid. NB Må vere fylt 16 år for å bruke maskinklyppar.

Den som vert tilsett vil få ein arbeidskontrakt for eit år om gangen, på timebasis, og arbeidsmengda vil variere noko gjennom året. Arbeidstidspunkt vert avtalt med kyrkjeverja.

Du vil få nødvendig opplæring.

Du vil bli tilsett i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd. Du som søkjer må vere mellom 15 og 25 år og stå som medlem i Den norske kyrkja. Det er positivt dersom du har tatt leiarkurs eller ynskjer å vere med på slike kurs (MILK og LIV).

Som følgje av arbeid med barn og unge vert det kravd politiattest.
Løn etter kyrkja sitt regulativ, timeløn kr 112 til kr 207, avhengig av alder og ev ansiennitet etter fylte 18 år. Du vil også få tillegg for helgearbeid og evt arbeid etter kl 17.

Søknadsfrist 6.2.2022. Tilsetting er planlagt i februar.
Kontaktperson: Inger Hageberg Øvrebø, tlf 41694472
Send søknad på epost til inger.ovrebo@sunnfjordkyrkja.no
Du må gjerne skrive i søknaden kva oppgåver du trur du vil trivast best med.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"