Informasjon om vigsel

Bryllaup i kyrkja

Bryllaup er ei viktig hending. Om det er blankpussa veteranbilar og fotograferinga på dei meste spektakulære stadene eller ein enkel seremoni for dei næraste, handlar det om to som har felles visjonar og mål for livet. 

Påmelding til kyrkjeleg vigsel: https://minkirkeside.no/sunnfjord

Vi gler oss over alle som ynskjer å ha kyrkjeleg vigsle, og gjer alt vi kan for å kome i møte ynskje om kyrkje og tidspunkt. Samtidig er det slik at vi har ein kabal som må gå opp med omsyn til personell kring vigsler. Sunnfjord kyrkjelege fellesråd betener 12 kyrkjer, og då kan det ikkje vere vigsler for mange stader same dag eller same tidspunkt. Dette er spesielt ei utfordring i sommarmånadene; juni, juli og august.

Det er difor viktig for oss å melde til dykk som ynskjer vigsle: at når det har lagt inn bestilling på vigsle på nettet, så er denne bestillinga å rekne som førebels inntil de har hatt samtale med prest for å avklare dag og tidspunkt. Denne kontakten skal kome seinast 14 dagar etter at de har lagt inn bestillinga.

Kostar det noko?
Kyrkjeleg vigsel er gratis for medlemar i Den norske kyrkja som bur i Sunnfjord kommune eller har minst ein forelder busett her.
Viss ikkje, er prisen kr 1 200 for leige av kyrkja inkludert kyrkjetenar og eit tillegg på kr 2 000 for organist.

Har de andre spørsmål, så kontakt gjerne kyrkjekontoret.

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De kan søke om prøving av ekteskapsvilkår digitalt på skattetaten.no. Behandlingstida kan vere inntil tre veker, og ein prøvingsattest er gyldig i fire månader. Når søknaden er godkjend, blir prøvingsattesten utferda i Altinn og de må vidaresende han til kyrkjekontoret der vigselen skal finne stad i god tid før den store dagen. De kan laste opp prøvingsattesten på minkirkeside.no/Sunnfjord eller skrive ut og sende i posten. Lukke til med bryllaupsplanlegginga!

 

Vigselattest
Etter vigselen får brudeparet med seg ein mellombels vigselattest, men det er folkeregisteret som skriv ut den eigentlege vigselattesten.  Kyrkjekontoret melder frå til folkeregisteret om at vigselen har funne stad.

Når det gjeld utskrift av eldre vigselattest, er regelen at den som prøvde ekteskapsvilkåra skal skrive ut attest.  Dei som gifta seg før 1. oktober 2004 kan få ny vigselattest frå kyrkjekontoret, mens dei som gifta seg etter lovendringa skal vende seg til Folkeregisteret viss dei treng ny vigselattest.  Kyrkjekontoret kan ikkje skrive ut vigselattest for folk som gifta seg etter 1. oktober 2004.

Kontakt