Barselkafe med litt song
Barseltreff er eit tilbod for dei minste borna saman med foreldre der vi legg vekt på sosialt samvær og moglegheit for litt babysong ilag. Vi samlast annakvar torsdag i skuleåret. Opningstida er frå 13.00-14.30, men ein stoggar så lenge det passar. Vi stiller med kaffi og te og noko å bite i. Difor er det 30 kr i Vipps (Babysong i Gaular #513486) for kvar gong og påmelding seinast kl. 12.00 same dagen til Ragnhild Stav: (mob) 90967627.
Les meir