Koronasituasjonen

Frå juni 2021 kan fleire menneske samlast til offentlege arrangement med faste tilviste plasser. Men krav om avstand er framleis overordna, slik at dei fleste av våre kyrkjebygg ikkje vil ha plass til meir enn 50-150 deltakarar, avhengig av storleiken på kyrkjerommet og kor mange som er frå same husstand og kan sitte i lag. Kom i god tid og hald avstand til andre, så får du tilvist ein trygg plass å sitte. Vi fører liste over frammøte som blir makulert etter 14 dagar.

Koronasituasjonen

Faste, tilviste plassar
• «Fast» betyr at deltakarane skal sitte på tilviste plassar under heile arrangementet og ikkje bevege seg rundt i lokalet, utover ved nødvendige toalettbesøk eller liknande (f.eks. til dåp, nattverd osv.).
• «Plass» betyr at deltakarane må sitte på et sete/benk/golvteppe e.l. Plassane bør vere plassert for å unngå ansikt-til-ansikt-kontakt.
• «Tilvist» betyr at plassane enten er nummererte eller at verter/vakter viser deltakarane til nærmare bestemte plasser.

Alle til stade skal kunne halde ein meters avstand.  Avstand skal målast skulder til skulder i alle retningar.

Deltakarane:
• må vere friske
• har god handhygiene – ta på handsprit når du kjem
• minst mogleg bevegelse i lokalet og minst mogleg berøring av utstyr

Velkomen i kyrkja!

VI SKAL MØTAST
Vi skal møtast
når dette er over,
ved eit bord
i ein smekkfull kafé,
i ei kyrkje,
i midtgangens vrimmel
mot Guds alter
og det som skal skje.
Vi skal feire
Og syngje
og le.

Vi skal gje til kvarandre
eit løfte,
at vi møtast
når vegen er gått.
Når det mørke og vonde er bak oss
Når den prøva vi fekk,
er bestått,
skal vi dele det svar
vi har fått.

Men alt no
veit vi svaret,
vi veit det.
Det å elske kvarandre
er alt,
bere bører når ein har for mykje,
halde oppe
når nokon har falt.
Til å elske,
til det
er vi kalt.

(Tekst: Hans Olav Mørk, 14. mars 2020
Omsetjing til nynorsk: Silje Sørebø)

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"