Prosteinnsetjing i Sunnfjord

Sundag 20.september vart ein stor dag markert i Førde kyrkje. Biskop Halvor Nordhaug var til stades saman med representantar frå alle sokna i Sunnfjord prosti og andre inviterte til ei festgudsteneste klokka 16.00 og påfylgjande kyrkjekaffi.

Prosteinnsetjing i Sunnfjord

Vi var samla for å takke av prost Reidar Knapstad for lang og trufast teneste som prost i Sunnfjord, og for å ynskje velkomen Knut Magne Nesse som vår nye prost.

Gudstenesta vart lyfta opp av flott korsong og musikk frå Førde Kyrkjekor og kantor Gro Gunnarson, og med ei særs songfør forsamling vart det verkeleg ei feiring av takksemd og glede.

Knut Magne skal halde fram med å bu i Florø, og Reidar vil framleis gjere teneste som vikarprest i Sunnfjord. Vi takkar Reidar Knapstad, og ynskjer Knut Magne Nesse velkomen.

Ingvald Andersen Frøyen
Sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"