Gravferd

Gravferd er ein sermoni der me minnes den døde. Du kan velge om du vil ha kyrkjeleg gravferd, eller om du vil ha ein annan typegravferds-sermoni.

Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga.

Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene ein slik sermoni  gjev. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde.  Det er ein fellesskap som markerer at eit liv er slutt. Ved avskilet syner vi respekt for den døde, for livet som har vore og for livet som skal levast.I gravferda får vi takke og minnast.