Dåp og trusopplæring

Velkomen til dåp

Det er stort å få bere eit lite barn til dåpen! Vi gler oss over at mange vel å kome til kyrkja for å feire det nye livet, og legge det vesle barnet i Guds hender.

Gjennom dåpen blir vi del av ein fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har dei viktigaste støttespelarane sine rundt seg. Og Gud lovar å vere med alle dagar.

Frå generasjon til generasjon har vi bore borna til dåpen.

Den kristne trua som foreldra sjølve vaks opp med og som betydde noko for dei, blir ført vidare til eigne born. Dette oppdraget er ein del av dåpsliturgien.

Jesus sa: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.

Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande og lær dei å halde alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.   (Matt 28.18-20).

Jesus lærde oss at vi skal både døype og lære borna våre. Ved dåpen tek foreldre og fadrar saman med kyrkjelyden og den verdsvide kyrkja på seg eit ansvar for å vise omsorg for barnet, lære barnet å be og hjelpe det til å bruke Guds ord og delta i nattverden så det kan leve og vekse i den kristne trua. I kyrkja har vi ulike tilbod til barn og familie om opplæring i den kristne trua alt etter alderen på barnet. Alle barn som er døypte får invitasjon til trusopplæringstiltak frå 0-18 år.   Du finn meir informasjon om dei ulike tiltaka i boksane nedanfor.