Kirken_250x100_logo_Midtstilt_bokmaal_webcruiter

Sokneprest i Nordhordland prosti med sokna i Gulen som tenestestad Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme



Om stillinga

Vil du bli sokneprest i Gulen?
Vi søkjer deg som er glad i folkekyrkja, har interesse for utvikling av gudstenesta og gjerne samarbeider med frivillige, særleg om barne- og ungdomsarbeid.

Kystkommunen Gulen ligg sentralt i nye Vestland fylke, nært store industriområde som Mongstad og Sløvåg/Skipavika. Frå Eivindvik tek det 2 ½ time med bil til Bergen sentrum og 1 ½ time med hurtigbåt, som har daglege avgangar tre km frå Eivindvik sentrum.

Kommunen er stor i utstrekning(596 km²), og er eit eldorado for dei som likar friluftsliv, jakt, padling og gode turstiar. Det er heller ikkje langt til Stordalen og Stølsheimen, med gode skitilhøve. Kommunen er delt inn i fire skulekrinsar; Brekke, Eivindvik, Dalsøyra og Byrknesøy. Dei største øyene har brusamband til fastlandet. Det er ca. 2300 fastbuande som fordeler seg ganske jamt på skulekrinsane.

Gulen har ei rik soge. Gulatinget var det første landsdelstinget i Noreg og ein viktig grunnstein i oppbygginga av statsapparatet etter samlinga av Noreg til eit rike. Gulatingslova har jubilèum i 2024. Ein keltisk og ein anglikansk steinkross i Eivindvik er av dei finaste tidlege kristne minnesmerka i landet, og syner at Gulen låg sentralt til i vikingtida. For meir om kommunen, sjå www.gulen.kommune.no.

Folket i Gulen har ei grunnleggjande positiv haldning til kyrkja. Om lag 80% av innbyggjarane er medlemer eller tilhøyrande kyrkja. Oppslutninga om dei kyrkjelege handlingane er høg. Pr. år er det i snitt 20 dåp, 30 konfirmantar, fem vigsler og 30 gravferder.

Gulen kyrkjelege fellesråd har tilsett kyrkjeverje (80 % stilling), organist/ trusopplæringsmedarbeidar (60 % + 26 %) og kontorfullmektig (40 %). Det er kyrkjetenarar i alle kyrkjene. Kyrkjekontoret er på kommunehuset i Eivindvik. For meir om det kyrkjelege arbeidet, sjå www.gulen.kyrkja.no.  

Det er gledeleg at om lag 9 av 10 ungdomar vel å ha konfirmasjonstida si i kyrkja.
Gulen har fått tildelt trusopplæringsmidlar. Ansvaret for trusopplæringa er knytt til organiststillinga. Konfirmantarbeidet er leia av soknepresten, men det vert stilt ressursar til rådvelde for at ein del av undervisinga kan utførast av andre tilsette.

Det er tre sokn i Gulen kommune. Kvart sokn er representert i eitt felles organ; Gulen kyrkjelege råd. Kvart sokn har si eiga kyrkje. I tillegg er det bedehus med aktivitet på i Brekke og Mjømna sokn. Dei tre kyrkjene er vanlege langkyrkjer frå kring 1860. Og i Mjømna sokn nyttar ein bedehuskapellet på Byrknesøy, som er vigsla til kyrkjelege handlingar, til ein del samlingar.

Prestetenesta vert leia av prosten. Sokneprestane i Masfjorden, Solund og Gulen har etablert eit godt samarbeid, og utvekslar tenester og ansvar etter nærmare avtale. Bispedømerådet har avtale med dei 3 kommunane om finansiell støtte til prestetenesta.

Dersom det er ynskjeleg, kan kommunen bidra til å formidle bustad som kan leigast.

Målforma er nynorsk. Søkjar må førarkort og disponere bil.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
11.02.2024
Arbeidsgivar:
Den norske kirke
Stad:
Eivindvik
Stillingstittel:
Sokneprest i Nordhordland prosti med sokna i Gulen som tenestestad
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4754589020

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle gudstenestelivet i kyrkjelydane
  • Bidra til godt samarbeid med stab og friviljuge i kyrkjelyden
  • Samarbeide med offentlege og andre samarbeidspartar i lokalsamfunnet
  • Vere ansvarleg for konfirmanttida
  • Besøk på institusjonar for eldre
  • Trusopplæring i samarbeid med andre tilsette og frivillige
  • Tre til fire beredskapsvakter årleg

Kvalifikasjonar

  • Cand. Theol. Med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide blant barn og unge
  • Evne til å engasjere og samarbeide med frivillige og organisasjonar både i og utanfor kyrkja
  • Evne til å bruke lokale krefter i gudstenestelivet
  • Evne og vilje til samarbeid
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 etter KA sitt tariffområde,
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler.
  • Arbeidsvegleiing (ABV).


Adresse: Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Norge


Kontaktinformasjon

Helge Taranrød
Helge Taranrød
Prost i Nordhordland
Therese Nesse Mokkelbost
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme

Om arbeidsgivaren


Logobildet nederst