Ei annleis påske.

"- I fellesskap og solidaritet med kvarandre vil vi også denne gongen  finne vegen ut og vidare." Biskop Solveig syner oss korleis vi mennesker, til alle tider, har kome oss vidare trass all verdas motstand.

Biskop Solveig gir oss håp i denne kronikken.

Gjennom gamle historier finn vi mange døme  på menneske som  ikkje blir liggande lenge nede, for  av det som er øydelagt vert det bygd opp noko nytt. 

I fagterminologien blir dette kalla for resiliens. I følgje Store norske leksikon definerast dette ordet som: «psykologisk motstandskraft, de faktorer som har sammenheng med at man beholder en psykisk styrke og helse til tross for stress og påkjenninger. Å være resilient vil si at man er robust»».   

Det er eit godt ord, og som prest har eg møtt mange menneske som er fulle av resiliens, både enkeltmenneske, men og i fellesskap med fleire.

Korona

Vår grad av resiliens - motstandskraft - får verkeleg testa seg i desse dagane. Når vi no nærmar oss påske har krisesituasjonen rundt korona-viruset vart lenge, og det er nok fleire som kjenner på utmatting  og ein viss form for mismot. Det er vanskelege tider, ikkje minst tærer det på at vi ikkje lenger  kan møtast  ansikt til ansikt på same måte som tidlegare.

Påskefeiringa blir naturleg nok annleis, vi kan ikkje på same måte livnære våre faste og gamle tradisjonar. Samtidig har vi vel aldri teke sosiale medier i bruk på ein betre måte enn no. Det blir  laga  mykje godt materiale som bidreg til å halde humøret og motet oppe. Det blir delt på  videoar, bilete, tekster og historier som kjem  inn i dei tusen heimar, og på den måten hjelper oss til å stå saman i solidaritet. Eg er sikker på at vi vil koma  oss gjennom denne krisa  også.

Eit vitnesbyrd om motstanskraft

Ein  av dei  finaste  stadene eg  veit om er Domkyrkjeodden på Hamar. Her er det historie i alle vegger, og det er breie  og opne uteområde der ein kan tilbringa ein fin fridag. Staden har mange attraksjonar, og den største av dei er sjølvsagt  glaskatedralen. Reist over ruinane frå den gamle domkyrkja  i Hamar, og gjennom eit unikt uttrykk bringer ho vitne om levd liv, arkitektur og handverk.

Ruinar kan vere vakre, men dei kan også vere nedslåande. Ruinar fortel historia om noko som gjekk sundt, noko som ikkje lenger er heilt. Når vi ser på ruinar kan vi bli fylte av ein form for nostalgi, og få ei kjensle  av at noko har gått tapt. På den måten er ruinar litt som våre minner; vi ber alle med oss minne som er vakre,  men også minne om det som vart øydelagt og vanskeleg.

Eg undrar meg stadig over kor mykje motstandskraft vi menneske har i møtet med det som er vondt og vanskeleg –menneske som har  kome seg vidare tross all verdsens motstand, som då menneske reiste glaskatedralen, og skapte eit nytt og gamalt rom på ei og same tid.                            

Påske - "gir ein himmel over våre liv"

Påska  er også ein forteljing  om resiliens.  Disiplane til Jesus møtte stor motstand i påska. På langfredag opplevde dei å sjå  sin ven og mentor dø på krossen. Denne mannen skulle jo vera redninga, og sjølv om han fleire gongar hadde fortalt dei om at dette skulle hende med han,  var det nok eit stort sjokk for dei alle - det at det faktisk skjedde .

Men med Jesus er heller ikkje døden umogeleg å reise seg opp frå. Jesus sigra over  døden og kom tilbake til sine vener, ja, til oss alle. Han viste seg først for kvinnene, deretter  for resten av sine trufaste  tilhengarar. Han viste dei og oss at i møte med døden er det mogeleg å reise seg – ja, etter denne påska  er ikkje lenger  døden den siste stoppestaden.

Det er ein himmel over våre liv.

Han ga dei livsmot og kraft til å føre vidare  det oppdraget som var gjeve dei. Dette er på mange måtar kjernen  i den kristne trua, og nok ein av hovudgrunnane for at så mange oppsøker kyrkjene,  særleg i tider prega at vi kjenner på  uvisse i møte med det samansette i tilveret.

Kyrkja er der

Sjølv  om det ikkje vil vere mogeleg å koma  til gudsteneste i fysisk forstand denne påska er likevel  kyrkja  til stades  med mange tilbod. NRK  vil sende gudstenester på sine plattformar, og det vil vere mogeleg å følgje mange kyrkjelydar  på dei ulike strømme-alternativa på sosiale medier. Kyrkja  har som så mange andre måtta omstille seg raskt gjennom denne krisa, og det er svært imponerande å sjå  alt det kreative og godt teologisk forankra  arbeidet  som no blir gjort  mellom  kyrkja sine  medarbeidarar.

Så det er håp i møtet med denne påska. Trua  på Gud og trua  på menneska sine  evner gjev oss håp om at vi skal reise oss også denne gongen . Historia syner  oss at folk aldri har akseptert håpløysa, men har  teke tak og skapt noko nytt. I fellesskap og solidaritet med kvarandre vil vi også denne gongen  finne vegen ut og vidare. Det er det godt å ta med seg inn i høgtida  og i tida som ligg framføre oss.

Velsigna påskehøgtid!

Venleg helsing

Solveig Fiske, Hamar biskop

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"