Han er ikkje tung - han er bror min

- Den dugnaden vi har no, er kjærleik til vår neste, slik evangelistane skriv om. Det skriv sokneprest Jens Petter Ous i denne artikkelen.

"-Hans velferd er avhengig av min og din omsorg" Foto: Mabel Amber/Pixabay

The road is long 
With many a winding turn 
That leads us to who knows where 
Who knows where 
But I'm strong 
Strong enough to carry him 
He ain't heavy, he's my brother 

So on we go 
His welfare is of my concern 
No burden is he to bear 
We'll get there 

For I know 
He would not encumber me 
He ain't heavy, he's my brother 

If I'm laden at all 
I'm laden with sadness 
That everyone's heart 
Isn't filled with the gladness 
Of love for one another 

It's a long, long road 
From which…  

Låtskrivarar: Bob Russell / Bobby Scott         The Hollies 

Vi er i byrjinga på den stille veka; veka frå måndag etter Palmesøndag til og med Påskeaftan. «Den stille veka» høyres kanskje merkeleg ut akkurat i år?! Etter mange stille veker med Korona-smitte mellom oss. Mange er permitert og mange har vore i karantene. Ungane har vore heime frå barnehage og skule. Livet har vore annleis! På vegar og i sentrum har det vore mykje mindre trafikk. Og vi har alle halde avstand til kvarandre; minst ein meter sa dei fyrst, sidan har det vel vorte sagt at det er best om det er halvannan eller to meter mellom oss når vi møtast ute eller på jobb, for dei av oss som er så heldige å kunne gå til jobb i desse tider!  

Mange av oss har vore mindre sosiale og kanskje høyrt meir på radioen eller sett på Tv`n i desse dagane. Ein gamal slager frå mi ungdomstid, som eg høyrde for nokre dagar sidangav meg nokre tankar eg vil dela med dykk (teksta står over): 

«Han er ikkje tung, han er bror min» - den strofa har vore i mitt minne frå fyrste gongen eg høyrde songen. Du kan sjå for deg bilete av den vesle jenta som ber bror sin på ryggen. Flyktningar som ber kvarandre og tek vare på kvarandre i ei vanskeleg verd. Men i tida no kan dette godt vera ein illustrasjon på kva vi bør gjera. Ikkje fysisk bera kvarandre – hald avstand/ vask hender/ host i papir eller innsida av albogen – dei råda skal vi alle følgje – og det er nettopp når vi gjer det at vi ber bror vår eller syster vår – det vil seie – gjer alt for at ikkje koronasmitta skal gjere fleire sjuke.  

I ein kyrkjeleg setting kan vi godt legge til «den gylne regelen» - slik vi finn den i vår bibel: 

12 «Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal også de gjere mot dei».   Matt 7,12 

For det er slik hjå oss som det vert sagt i songen: «Hans velferd er min bekymring» Eg trur vi skal byte ordet bekymring med ordet omsorg – hans velferd er avhengig av min og din omsorg! Vår felles omsorg.   

«Det er ein lang, lang veg»…….å gå, slik det ser ut no. I kyrkjene er alle gudstenester avlyst Vi veit pr no ikkje kva framtida vil gje oss i den situasjonen vi er i, så vi må berre gjere som våre myndigheiter seier fram til nye signal kjem. Uansett – om vegen framover med koronavirus blir lang: Eitt står fast:                                               

«Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står». Frå Matt 28,20

Det er Jesu ord til oss!

Også i den stille veka, då han gjekk mot kors og dødså var det for vår skuld han gjekk den vegen. Ikkje berre for vår «velferd» gjorde han det, men for vår frelse!                                                                    

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"