Visitasforedrag Fyresdal

Her er visitasforedraget som biskop Stein Reinertsen hadde under visitasgudstenesta i Fyresdal 23. april 2017.

INNLEIING

Kjære kyrkjelyd! Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus!

Sist visitas i Fyresdal var i 2006. Mykje har skjedd i kyrkja sidan den gong.

På nasjonalt plan er kyrkja skild frå staten.  Den norske kyrkja er i dag ei sjølvstendig folkekyrkje. I tillegg har kyrkja gjennomførd fleire store reformer slik som gudstenestereforma og trusopplæringsreforma. Vidare er buplikta for prester oppheva. Men her i Fyresdal bur soknepresten framleis i prestegarden. Og etter kva eg les i visitasmeldinga, er både kyrkjelyd og sokneprest glade for den ordninga.

Mykje har også skjedd lokalt. De har hatt utskiftingar blant dei tilsette. Eg ser at de tek godt vare på kyrkjene, og ser kor velstelte gravplassane er. Eg vil rose soknerådet sitt planarbeid. Eg tenkjer her på diakoni- og trusopplæringsplanane.

Eg har sett fram til å vere saman med kyrkjelyden i Fyresdal innanfor ramma av ein visitas. Ein visitas opnar for djupare innsikt i kyrkjelyden og samfunnet. Takk for at de har teke meg med inn i dykkar utfordringar og moglegheiter.

For meg har det vore viktige dagar saman med dykk. Eg bed om at visitasen må bli til inspirasjon i dykkar vidare arbeid her i Fyresdal.

FØREBUING

Ein visitas er meir enn at biskopen vitjar soknet ei lita veke. Før sjølve visitasen skriv sokneprest saman med kyrkjeverja og rådet ei visitasmelding. Denne meldinga er ei utgreiing og ei vurdering av det som har skjedd sidan sist visitas. Vidare er det ei vurdering av situasjonen i dag. Eg oppmodar kyrkjelyden til å lese denne meldinga. Det er eit offentleg dokument. Meldinga viser til diakoni-, trusopplæring- og diverse planar - og refererer til årsrapporter og strategiar. Ho fortel om samarbeid med kommune, skule og frivillige, og om kyrkjelyden sine mange aktivitetar under visjonen: "Kyrkja i Fyresdal - open og inkluderande".

Rådgjevarane ved bispedømekontoret, Geir Myre og Dag Arnulf Kvarstein, har saman med kyrkjeverja og soknepresten, besøkt kyrkjene og kyrkjegardane og levert rapport, «Synfaringsrapport frå kyrkjene i Fyresdal».

Prost Asgeir Sele har hatt kontorvisitas og levert rapport til biskopen. Prost Asgeir er prosjektleiar for visitasen.

Frå bispedømekontoret har kyrkjefagsjef Arve Nilsen vore med. 

GJENNOMFØRING

MØTE MED KYRKJESTABEN

Første programpost var at eg møtte heile kyrkjestaben. Eg ynskjer å starte ein visitas med å møte dei tilsette. Dei var der alle saman, sokneprest Øyvind Mæland, kyrkjeverje Else Berit Mandt Gaaren, kantor Freddy Brander, kyrkjetenar/ gravar Ingebret Gaaren og leiar av soknerådet Inger Olaug Angell. Alle tilsette i soknet er viktige. Saman med råd og andre frivillige er dei ein verkeleg ressurs. Me skal takke dei, ta dei med i våre bøner og støtta dei i arbeidet deira. 

Prosten ønskte velkomen. Saman gjekk me gjennom vistasen, programpost for programpost. Før me drog til møte med kommunen, la prosten visitasen fram for Gud i bøn.

I tillegg til å møta staben samla, har eg i løpet av visitasen samtalar med den einskilde. Dei som er vigsla, slik som prest og diakon, ha ein samtale med meg. Andre vel om dei vil ha ein kortare samtale.

Ein visitas kan i grunnen bli delt i to saksområde som er uløyseleg knytt saman i folkekyrkja vår.

Først handlar det om den lokale kyrkjelyden. Eg skal bli kjend med kyrkjelyden sine planar og strategiar. Eg ynskjer å sjå kyrkjelyden sine moglegheiter og utfordringar gjennom det daglege arbeidet.

Dernest handlar det om kyrkja og samfunnet, og då mest om samspelet mellom den lokale kyrkjelyden og lokalsamfunnet. Det handlar om tilhøvet «Kyrkje / skule», mellom «Kyrkja og kommunen» og mellom «Kyrkja og lokalsamfunnet generelt». Eg startar med kyrkja og samfunnet. Som første punkt har eg satt:

Kyrkja og kommunen

Eg var invitert til arbeidslunsj med kommunen. Frå kommunen møtte eg; ordførar Erik Skjervagen, rådmann Kjetil Kiland, rådgjevar i NAV Sissel Husstøyl, økonomisjef Kjersti Bergland og personalkonsulent Eva Greivstad.

Frå kyrkja møtte biskop, prost, sokneprest, kyrkjeverje, leiar av soknerådet og kyrkjefagsjefen frå bispedømekontoret.

Ordførar ønskte velkomen og orienterte om kommunen. Han gav meg eit glimt inn i Fyresdal kommune sine utfordringar og moglegheiter. Fyresdal kommune har færrast innbyggjarar i Telemark, men det er ein god kommune å bu i. Det er òg mi erfaring etter desse dagane her. Eg har møtt eit samfunn som ynskjer å realisere visjonen ”Gjer draumen levande!” 

Eg kan stadfeste dei gode relasjonane mellom kyrkja og kommunen. 

Me tala om tilhøvet til kommunen etter at kyrkja har fått ei fri stilling til staten. Me var innom diakoniens store betyding i dagens samfunn. Likeeins samarbeidet kyrkje-, skule og barnehage, og om retten til utøving av trua for dei som bur på institusjon.

Etter samtalen med kommunen, vil eg streke under kor viktig det er at kyrkja blir sett på som ein medspelar. Banda til staten er endra, men kyrkja er framleis ei kommunekyrkje og ein viktig medspelar i lokalmiljøet.

I møte med kommunen blir det ofte snakk om økonomi. Ingen kommunar, sjølv ikkje kraftkommunar, har overflod med pengar. Når det gjeld konkrete utfordringar som kanskje medfører ekstrautgifter for kommunen, nemnte kyrkjeverja føljande:

  1. Det ser ut som om grunnmuren under Veum kyrkje sig. Dette medfører også danning av sprekker i innvendig maling. Dette må undersøkjast nærare.
  2. Kapasiteten på kjølerommet i bårehuset bør bli auka frå to til tre kister.
  3. Reiskapshuset ved Moland nye kyrkjegard er for lite.

 

KYRKJA OG SKULEN

Skulen og barnehagen møtte eg på torsdag. Stegeleiar for ungdomstrinnet, Åse Tanner, tok imot. Etter omvising og før eg møtte 8.klasse, fekk me ein, skal me kalle, intimkonsert. Mirja Veum song og Merethe Jørgensdottir Reinskås spelte piano.

8. klasse hadde førebudd spørsmål om kva eg gjer som biskop og om  kyrkja. Eitt spørsmål gjekk på om eg var både biskop og prest. Då eg hadde med både prestekjole og bispekåpe, kunne eg kle meg opp som biskop. Samstundes fortalde eg at for ein biskop òg, er grunnlaget for tenesta Guds nåde som blir gitt oss i dåpen, og at dåpens nåde og kall til teneste gjeld heile livet. Som biskop har eg på både prestekleda og dåpskjolen. 

I barnehagen blei eg tatt imot av styrar Liv Johre. Barnehagen hadde verkeleg førebudd seg på at eg skulle kome. Dei hadde laga ein fin plansje over kva biskopen og kyrka gjer. Barnehagen spanderte føremiddagsmat på meg.

Besøket i barnehagen blei avslutta med ein verkeleg spanande samtale med styraren. Ho fortalde om deira holdningsskapande arbeid knytt opp mot 20 ferdigheiter i høve til sosial kompetanse. Her har me som kyrkje og barnehage eit ypparleg grunnlag og eit felles mål. Eg vil spent fylgje med på om de klarer å utnytte kvarandre sin kompetanse, slik som styrar og sokneprest føreslo som ei oppfølgjing av besøket.   

RETT TIL TRUSUTØVING

Det kongelege Helse- og omsorgsdepartementet sende 1.desember 2009 eit rundskriv med tittelen «Rett til egen tros- og livssynsutøvelse» til alle kommunar og fylkesmenn i landet. Rundskrivet handlar om rettigheiter personar har som mottar pleie- og omsorgstenester etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova når det gjeld eigen moglegheit til trus- og livssynsutøving.

I den anledning hadde me eit seminar for helsetilsette. Me møtte tilsette på POS og i heimesjukepleia. Pleie- og omsorgsleiar Anne Veum ynskte velkomen. Prostidiakon Eilev Erikstein var ansvarleg for seminaret.

Det er nyttig å tale saman om felles oppgåver. Slik lærer me kvarandre å kjenne, og nye idear til samarbeid veks fram. Retten til eigen trus- og livssynsutøving, når ein sjølv ikkje kan kome seg til kyrkja, eller lese i Guds ord eller ei andaktsbok, gjeld ved norsk lov. Der var stor semje om at her når me lengst med å stå saman.

KYRKJA OG LOKALSAMFUNNET SAMAN MED KULTURLIVET

Visitasmeldinga fortel om naturleg kontakt mellom kyrkja og det generelle kulturlivet. De er ikkje fleire enn at de må stå saman gjennom frivilleg og offentleg innsats for å gjere Fyresdal til ein god stad å bu. Eg har merkt meg at det eit par gonger blei sagt noko om kollisjonar mellom arrangement. Det gjaldt kanskje spesielt for born og unge. Eg ser når eg reiser rundt, kor viktig det er å ha open kommunikasjon og klare avtalar mellom dei ulike aktivitetane. 

Eg møtte dette flotte samarbeidet på konserten i Veum kyrkje. De av dykk som ikkje var der, gjekk glipp av noko stort. Kantor Freddy Brander hadde satt saman ein fantastisk konsert midt i blinken i høve til reformasjonsjubileet. Det var ein klassisk konsert med utgangspunkt i Johann Sebastian Bach og hans omgangskrins. Eg forstod at ensemblet besto av lokale musikarar. Takk til Marte, Tone og Trygve Jarle Nedrebø, Erna Rydland, Tilman Hartenstein, Marit van Delft og Freddy Brander.

BEDRIFTSBESØK

Det blei òg tid til eit bedriftsbesøk. Torsdagen starta på Telemark Kildevann AS. Driftsleiar Ron Teunissen tok imot og viste oss rundt på anlegget. Det er spanande at ei kjelle med reint vatn er så viktig blant anna i Europa og Asia, at det blir til stadig fleire arbeidsplasser her i bygda.

Så litt om den andre delen i en visitas, DEN LOKALE KYRKJELYDEN.

SOKNERÅDET

Eg startar med soknerådet. Eg møtte soknerådet til middag og samtale på Betel.

Kjære sokneråd! De er viktige for kyrkja. Det er viktig for meg å møte dykk. Rådet er ansvarleg for planar og strategiar. Soknet er grunneininga i kyrkja.

Leiar av rådet, Inger Olaug Angell, ynskte velkomen. Før mat song Mari Askersrud.

Eg ser at sokneråd og kyrkjeleg fellesråd er velorganisert. Eg lytta til når de samtalte om trusopplæring og det ansvaret som no ligg hos kyrkja når det gjeld opplæring av våre døypte til kristen tru. Likeeins når samtalen handla om  gudstenestene, og om korleis de forsøkte å inkludere organisasjonar og lag i arbeidet.

Vi møttes på Betel. Der har de eit praktfullt hus. I dag driv kyrkja med trusopplæring og andre aktiviteter som ofte krev eit anna bygg eller rom enn kyrkja. Her har de fantastiske moglegheiter.

I ein visitas pleier eg ofte å seie noko til dykk som ikkje sit i soknerådet: Ver takksame for dei som har tatt på seg den oppgåva. Ta dei med i bønene dykkar. Støtt dei. Tal vel om dei. Tenk ikkje at det er ”dei i rådet”, men sei til dykk sjølve og andre, at me i kyrkja er så heldige at me har eit råd som vil vekke og nære det kristne livet i kyrkjelyden. Me vil stå saman med dykk.

DIAKONI

De er heldige som har del i den diakonale kompetansen og innsatsen som prostidiakonen representerer. Eg har sett både på POS og i Skogsleiren, at både soknepresten og prostidiakonen blir rekna med til det faste inventaret.

Diakoni er mykje. Det er blant anna at kyrkja vedkjem dei som heile tida, eller i spesielle situasjonar, treng ei hand å halde i. Jesus seier: «Det de gjer mot ein av mine minste små, gjer de mot meg».

Eg møtte det diakonale arbeid dykkar gjennom andakten på POS. Når menneske ikkje kan kome til kyrkja, må kyrkja gå til dei. Sokneprest og kantor gjer ein viktig diakonal teneste med sine regelmessige besøk.  

Det same kan eg seie om prostidiakonen og visitoranes besøk i Skogsleiren. Eg vil samstundes understreke mi oppleving av at de som kyrkjelyd ynskjer å møte, og vere til for dei som er i Skogsleiren. Det er vel difor det er naturlig for Skogsleiren både å dra på påskegudsteneste i Moland kyrkje og på pilegrimstur mot Røldal.

 

TRUSOPPLÆRING

Skulen har ikkje ansvar for trusopplæring i kyrkja vår. Skulen skal formidla kunnskap om kristendomen. Opplæring til tru er kvart enkelt kyrkjesamfunn sitt ansvar.

Etter kyrkjas trusopplæringsplan, har alle døypte rett til undervisning i, og til den kristne tru. Tradisjonelt har det frå kyrkja si side hovudsakleg vore knytt til konfirmasjonen. I trusopplæringsreforma handlar det om livslang læring.

De er i ferd med å få godkjent dykkar plan som går frå 0 til 18 år. Det er ei stor oppgåve framover. Det er viktig at me, både som nasjonal og lokal kyrkje, finn ei form på trusopplæringa som fungerer. Hugs: Trusopplæring er eit felles ansvar mellom foreldre, fadrar og kyrkjelyd. Lukke til!

Eg fekk vere med på eit slikt trusopplæringstiltak. Torsdagen blei avslutta med «Fyril». Eit spanande tiltak i friluft heime på garden til Andreas Valebjørg.  Eg trur ikkje det er mange trusopplæringstiltak i Noreg der dei unge lærer både påskebodskapen og det å bruke øks.

KYRKJANE

Eg har vore i Veum og Moland kyrkjer. Begge kyrkjene er som smykke. Og eg må rosa kyrkjeverja og kommunen som tek så godt vare på og held desse smykka ved like. Eg ser av rapportane, og eg såg det sjølv, at Veum kyrkje har utfordringar med grunnmur og sprekkdanningar i veggen inne i kyrkja. Det må de undersøke nærare.

Kyrkjebygga er viktige kulturskatter. Men først og fremst er dei kyrkjelyden sitt gudshus. Staden der menneske kan møte Gud og kvarandre, både i glede og sorg.

GUDSTENESTELIVET

Soknepresten skriv i visitasmeldinga: «Dersom ein isolert ser på «til stades» på gudstenestene og messene, kan talet synast lite. Men sett i samanheng med folketalet, og ikkje minst når vi samanliknar det heile med frammøtet på store kyrkjedagar, ….. då ser ein at kyrkja har ein stor plass hjå bygdefolket. Samtaler kring dei små og store spørsmåla i livet, har gjeve meg det same inntrykket».

Ein levande kyrkjelyd vil alltid arbeide med gudstenesta si. Den vil alltid vere hovudsamling for kyrkjelyden.

GRAVFERDSHJELP

Eg liker korleis de har organisert den lokale gravferdshjelpa. Eg har ikkje møtt det andre stader. Det er noko eg vil ta med vidare i min teneste som biskop. 

TILSETTE

Eg har som nemnd hatt samtaler med dei tilsette. Dei er ein viktig resurs for kyrkjelyden. Desse dagane saman med dykk gjer at eg ser frimodig framover, og er trygg på at kyrkja kan gå framtida i møte med håp. 

OPPSUMMERING OG UTFORDRINGAR

Ein visitas er ikkje over når eg dreg. Det er på ein måte no det startar. Håpet er at dagar våre saman har støtta dei gode prosessane hjå dykk, og sett i gong nye, for ein kyrkjelyd må alltid vere på veg framover.

Når eg summerer opp desse dagane saman med dykk, vil eg gje dykk følgjande utfordringar:

  1. Gudstenesta. Jobb vidare med gudstenestene. Når det gjeld involvering, trur eg eit samspel mellom trusopplæring og gudsteneste er rett veg å gå.

 

  1. Trusopplæring. Kyrkja si overlevering av kristen kunnskap i Fyresdal er avhengig av at heimane, tilsette, råd og frivillige utviklar møtestader der born og unge får næring til tru og livsmeistring. De er godt i gong. Det er viktig å prioritere dette ei tid framover.

 

  1. Betel; Eg trur Betel blir eit viktig hus. Fyll huset med gode aktivitetar.

 

  1. Diakoni. De har ein prostidiakon som leier det diakonale arbeidet. Stå saman med han.

 

  1. Samarbeid. I møtet med til dømes styrar i barnehagen, kom det fram at det er mange naturlege moglegheiter til samarbeid mellom kyrkja og offentlege og private aktørar i eit lokalsamfunn. Ver vakne for, og villige til samarbeid.

 

  1. Kulturliv. Eg var på ein fantastisk konsert i Veum kyrkje. Det ser ut som om kyrkja er ein naturleg samarbeidspartner for det lokale kulturlivet. Ta vare på det. Sørg for at det utviklar seg stadig meir.

 

  1. Kyrkja og kommunen. Samstundes som eg stadfester dei gode relasjonane mellom kyrkje og kommune, minner eg om dei tre utfordringane de har med grunnmur og sprekkdanning i Veum kyrkje, storleiken på kjølerom, og reiskapshus ved Moland nye kyrkjegard. 

 

  1. 8.   Tenk stort om det å vere kyrkje og kyrkjelyd. Oppgåva vår er å forvalte og formidle det største av alt: Guds nåde i Jesus Kristus.    

AVSLUTTING

Fyrill-bøna starter slik: «Kjære Gud som er oss nær, ver hjå oss for alltid.» Den tek eg med frå visitasen i Fyresdal. Eg reiser herfrå fylt med takk, og eg helser dykk med Paulus´ ord til kyrkjelyden i Tessaloniki: ”Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.» (1.Tess.1.2-3)          

Agder og Telemark bispestol 23.april 2017

Stein Reinertsen, biskop

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"