Diakoni som bygdeutvikling

Årets diakoniprisvinnar i Vest- Telemark Gudny Lid Unhjem frå Øyfjell , er ein av dei som trufast, og som få andre i Vest-Telemark, har følgd paragraf 9 i Kyrkjelova som handlar undervisning, kyrkjemusikk og diakoni.

Gudny Lid Unhjem frå Øyfjell tek imot diakoniprisen frå Oscar J. Garnes under årets Diakonisamling for Vest-Telemark i Kviteseid.

Prisvinnaren har i meir enn 30 år vore med i sokneråd. Dei fleste som leiar, og slik vist at ho er villig til å ta ansvar i lokalsamfunnet og i den lokale kyrkja.

Ho, ja for det er ei kvinne vi snakkar om, har drive søndagsskule i mange år, og ho er medlem av samarbeidsutvalet for trusopplæringsarbeidet i sin kommune.

Nylig har ho også tatt initiativ til å etablere eit diakonalt prosjekt der formålet er å styrke tilbodet til eldre.

Pilegrimsleia til Røldal går gjennom soknet der ho bur, og prisvinneren er pilegrimsvert og tar årleg imot slitne pilegrimar på veg mot Røldal.

Ansvarskjensla viser seg og i at prisvinnaren er aktiv i anna samfunnsbyggande arbeid i bygda si, og ser diakonien som god bygdeutvikling  og nyt derfor stor respekt for arbeidet sitt.

Diakoniprisen for 2016 vart delt ut av styreleiar Oscar J. Garnes under årets Diakonisamling for Vest-Telemark i Kviteseid sundag 3. april.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"