Reformasjonsmesse høgt til fjells

Laurdag 26. august 2017 vert det reformasjonsmesse på Haukelifjell, nærare bestemt i Ulevåbotn kl. 14. Staden ligg på pilegrimsvegen mellom Vest-Telemark og Røldal.

Gudstenesta vert halden ute ved Ulevåbotnen på Haukelifjell.

I år er det fem hundre år sidan Reformasjonen starta. Dette vert markert rundt om i landet. Med denne messa vil me òg markere den lange pilegrimstradisjon til Røldal. Slik vandringar gjekk frå 1300- talet til 1835. Vandringane vart tenke opp att litt etter tusenårsskiftet i eit samarbeid mellom kyrkja og lokale historielag.

Reformatoren Martin Luther baud at det må bli slutt på pilegrimsvandringane, men det tok altså lang tid før dette nådde dei som gjekk Røldal. På 1980- talet tok ein igjen til å markere Røldal som pilegrimsbygd, og frå 2003 har det gått årlege vandringar frå Vest- Telemark og sidan også frå Hovden til Rødal.

Korleis kjem ein til Ulevåbotn ?
Austfrå køyrer du opp mot Dyrskar, og andre veg mot venstre midt i bakken. Vestfrå over Dyrskar fyrste veg til venstre etter hytta på toppen, elles kan ein parkere på Midtfjellsvollen og gå fire – fem kilometer vestover mot Ulevåbotn.

 Laurdal 26. august vert det halden ei utemesse i Ulevåbotn. Predikant denne dagen er biskop i Agder og Telemark Stein Reinertsen.

 

Vil ein vite meir om denne gudstenesta, kontakt:

 Prost Asgeir Sele i Øvre Telemark prost i   (41566043) eller prostidiakon Eilev Erikstein ( 91113580).

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"