Å vere pilegrim er å leggje frå seg noko

Denne sommaren og hausten har det vandra om lag 80 pilegrimar mellom Telemark og Røldal på organiserte pilegrimsvandringar. Den siste turen var for fangar som er inne til soning i Skogsleiren i Fyresdal, og vandringa vert kalla «vandring mot fridom».

Frå pilegrimsvandringa "Vandring mot fridom". Her frå Austmannali

Det er diakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein som står bak denne vandringa saman med Arendal fengsel avdeling Fyresdal. Erikstein var i tillegg leier for «Å vandre med håp», ei pilegrimsvandring for menneske med psykiske utfordringar. Denne vandringa vart arrangert for ellevte gong, og 45 menneske nådde fram til den gamle stavkyrkja i Røldal 24. august. Mange hadde då vore på vandring i fem dagar.

Tidlegare på sommaren var Erikstein også med en gruppe på 30 tilknytta Korsvei-rørsla som gjekk frå Edland til Røldal 1.-5. juli. Og frå Åmot gjekk det ei gruppe på 15 vandrarar med ei meir lokal tilknyting på same tidspunkt.                     

-Leggje røynsler bak oss
Då Vandring mot fridom starta 18. september, var det sjette gong innsette i Arendal fengsel avd. Kleivgrend i Fyresdal har vore på pilegrimsvandring til Røldal. Vandringa er ei samarbeid mellom betjent Harald Hervik frå fengselet og diakonen i Vest- Telemark.  

Harald Hervik meiner det er veldig positivt med slike vandringar. Det bygger relasjonar som er viktig i kriminalomsorga. Så set han også pris  at er stille-tid under ei pilegrimsvandring.

- Det gjev oss alle høve til å reflektere over korleis me kan ta vare på dei gode tinga, og leggje dei dårlege røynslene bak oss.

 Kva er godt i livet?
Eilev Erikstein skriv dette om vandringa:

-Framom den gamle vegtunellen i Dyrskar fekk alle i oppgåve å tenke på kva som er godt i livet no, og kva ein kunne la bli att  i tunellen.  Tunellen  har eit hol på sida som gjer at lys kjem inn. Frå taket dryp det vatn. Inni i mørket skjøna den innsette at tunnelen er eit bilde på hans nye liv: Det å kome ut i lyset.

Eg snakkar ikkje høgt om å bli født på ny, men eg tenkjer det når han etterpå kjem bort og ber om ei teneste:
"Kan du gjera slik dei gjer på småborn i kyrkja? Teikne krossmerke på meg?" Andre dagen gjekk karen fyrst heile tida. Etter vandringa sa han : ” Greitt å kome til kyrkja. Men det er tunellen med lyset inn frå sida , eg vil hugse."

 Slik avsluttar Erikstein sin rapport om vandringa:

-Pilegrimsvandring handlar om å finne att noko. Noko ein hadde gløymt. Kanskje så enkelt som det å gå! Så kan ein ikkje gå utan håp. Ein går - altså vil ein leve. Går ein - er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss , ville me aldri bry oss om å gå.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"