Rekord for fasteaksjonen i Vest-Telemark

To veker før påske går rundt 40 000 frivillige bøsseberarar frå 1200 kyrkjelydar frå dør til dør og samlar inn pengar til Kirkenes Nødhjelps arbeid. I Vest-Telemark har dei i år satt ny rekord i innsamlinga som er heilt avgjerande for å sette i gang store nødhjelpsoperasjonar når katastrofar inntreff.

-Eg trur takksemd må vera ordet etter årets Fasteaksjon, seier Eilev Erikstein som er prostidiakon i Vest-Telemark. Rett under 340 000 vart samla inn i dei seks Vest- Telemark kommunane. Nesten 200 var aktive i innsamlinga. Til å telje, gå med bøsser, laga roder og køyre rundt.

- Eg føler takksemd fordi folk syner så stor solidaritet, og takksemd fordi me har ein slik situasjon at me har noko å gje, legg Eilev til. 

Meldinga er at folk venta på å gje, mange hadde teke ut kontantar, og stadig fleire var gode på vipps.

Somme synes det er rart at Kirkens Nødhjelp held fram med fysiske, dør til dør-innsamling i ei digital tid. Men det slik at folk blir glade for å bli minna om aksjonen når nokon kjem på døra for be om ei gåve, og mange av bøsseberarane melder om trivelege samtaler og kaffeinvitasjonar.

Vinje ligg høgst på statstikken, og har ei auke frå i fjor på over 100 %. Det same har Nissedal og Seljord, medan Tokke toppar kroner per ibuarlista som du finn på Kirkens Bymisjons heimeside.

100 000 løyd av politikarane i Tokke kommune

Meir kjem det også på Tokke-delen. Etter at konfirmantane Peter Fosli Stenseth (f.v) og Tarjei fekk sleppe til med bøsser under tysdagen kommunestyremøte, løyvde politikarane like godt 100 000 til Fasteaksjonen.

 

Resultat:

Vinje 80 000

Tokke 68 000

Kviteseid 60 000

Seljord 60 000

Nissedal 42 000

Fyresdal 30 000

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Agder og Telemark bispedømme

Besøksadresse:
Gyldenløvesgt 11
4611 Kristiansand

Postadresse:
Postboks 208
4662 Kristiansand

Ved seksuelle overgrep/grenseoverskridende seksuell adferd i kirkelig sammenheng: Kontakt Kirkelig ressurssenter mot vold og overgrep, tlf 23 22 79 30, post@kirkeligressursenter.no, www.kirkeligressurssenter.no

 

Ansvarlig redaktør: 
Aslak Wegge (Stiftsdirektør)
Nettredaktør: Vanja Grut

Telefon sentralbord:
Tlf: 38 10 51 20

E-post: agder.bdr@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"