Friluft og kultur på visitas i Fyresdal

Denne veka er biskop Stein Reinertsen på visitas i Fyresdal. Her har han fått eit fint møte med mellom anna dei ivrige gutane i friluftsgruppa Fyril.

Biskop Stein Reinertsen saman med gutane i friluftsgruppa Fyrild og leiear Andreas Valebjørg.

Alle kyrkjelyder i Agder og Telemark får biskopen på besøk om lag kvart sjuande år. Han kjem på visitas for å inspirere kyrkjelydene, og for å lære meir om korleis kyrkja lever blant folk i bispedømet.

Torsdag kveld var han innom friluftsgruppa Fyril. Utgangspunktet for denne gruppa er ei tidlegare speidargruppe som no er blitt eit trusopplæringstiltak i kyrkjelyden. Dei heldt til på garden til Andreas Valebjørg. På samlinga der biskopen var til stades, vart deltakarane sendt i skogen med øks for å hogga ned tre som kunne nyttast til å byggja tårn på jordet. Så vart det både graving og klatring for å få festa og testa konstruksjonen skikkeleg. Det var også mat og andakt.

Fyresdalsbygda ("Førsdal" på lokal dialekt) ligg vakker til ved Fyresvatnet. Her er det eit livskraftig lokalsamfunn med 1300 innbyggjarar med skule, barnehage, kommuneadministrasjon og to kyrkjer. Den største private verksemda i kommunen er Telemark Kildevann, eit anlegg med 35 tilsette og storproduksjon av flaskevatn blant anna til Norgesgruppen, Coop og Coca Cola. Biskopen og fylgjet hans vitja denne hjørnesteinsverksemda.

Visitasen inneheldt også samtalar med til kyrkjetilsette i Fyresdal og med kommuneleiinga. Biskopen vitja skulen, barnehagen, Skogsleiren fengsel og pleie- og omsorgssenteret. Han fekk også med seg ein flott klassisk konsert i den fargeglade Veum kyrkje. Søndag er det visitasgudsteneste i Moland kyrkje.

Foto: Eilev Erikstein, Asgeir Sele og Dag Kvarstein

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"