Stor gjestfriheit i Nissedal

Sist veke var biskopen i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, på vitjing i Nissedal sokn. Det er 11 år sidan sist det var bispevisitas i soknet, og biskopen vart godt motteken i kommunen.

Biskop Stein Reinertsen vart godt motteken av ordførar i Nissedal, Halvor Homme.

– Gjestfriheit er det inntrykket eg sit att med etter to dagar på visitas i Nissedal og Treungen. Det har vore gode møter med kyrkjelydane, med kommunen og dei tilsette, seier Stein Reinertsen.

En visitas er ein del av biskopen si hovudoppgåve, nemleg å vere tilsynsmann for kyrkjelydane. Det inneber at biskopen skal inspirere og rettleie kyrkelydane, i tillegg til å bli kjent i geografien og med menneska der.

Nissedal er ein naturskjønn kommune med 1500 innbyggjarar som ligg vakkert til ved den største innsjøen i Telemark, Nisser. Langs Nisser er det flotte sandstrender, og heile kommunen er omkransa av blankskurte, høgreiste fjell. Kva kan vere ein betre stad å plante to vakre kvitmåla kyrkjebygg, Nissedal kyrkje frå 1764 og Treungen kyrkje frå 1863. I tillegg kjem Felle kapell frå 1971.

Visitasen starta onsdag 5. september med at biskopen og fylgjet hans trefte den kyrkjelege staben i sokna. Det skjedde i kommunestyresalen i Nissedal, noko som illustrerer godt det gode tilhøvet som er mellom kyrkja og kommuneleiinga. Den første dagen av visitasen vitja biskopen barneskulen, ungdomsskulen og søndagsskulen, i tillegg til sjukeheimen og sokneprestens kontor. Dagen var avslutta med kveldsbøn i Felle kapell.

Torsdagen var det barnehagane sin tur til å treffe mannen i den lilla skjorta og med det store korset. Frå dei minste i kommunen gjekk turen til dei som bestemmer i kommunen, nemleg kommuneleiinga med ordførar Halvor Homme i spissen. Han poengterte at Nissedal i grunnen er eit «kyrkjeleg samfunn». Biskopen kvitterte med å takke kommunen for det gode samarbeidet og for at kyrkjebygga vert tekne vare på.

Seinare på dagen tok biskopen seg tid til å treffe bebuarane på Mila dagsenter, folka på Frivilligsentralen, entreprenørverksemda Knut Haugsjå AS og kyrkjelege tilsette. Dagen vart runda av med middag i prestegarden og Tomasmesse i Nissedal kyrkje.

Visitasen vart avslutta søndag 9. september med visitasgudsteneste i Treungen kyrkje, med biskopens visitasforedrag før det vart kyrkjekaffi på bedehuset.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"