Bjørgvin bispedømeråd 2020-2023
Bjørgvin bispedømeråd har 10 medlemer. Sju av desse er vanlege medlemer av kyrkja, eit medlem er prest, eit er annan (lek) kyrkjeleg tilsett. I tillegg er biskopen fast medlem av bispedømerådet. Bispedømerådet er også Bjørgvin sine medlemer av kyrkjemøtet.

Bispedømerådet i Bjørgvin samla til første møte etter at Ragnhild Jepsen vart biskop. Frå venstre: Kjersti Gautestad Norheim, Nora Sætre Baartveit, Turid Fjose, biskop Ragnhild Jepsen, Oddny Miljeteig (nestleiar), Vemund Atle Øiestad (leiar), Jan Ove Fjelltveit (stiftsdirektør), Karl Johan Kirkebø, Astrid Fylling, Per Hilleren og Sollaug Anita Apeltun Sæle