Ragnhild Jepsen

Bispekandidat Ragnhild Jepsen er født i 1969 og arbeider som domprost i Nidaros domkyrkje.

Ragnhild Jepsen er ein av kandidatane som er nominert til ny biskop i Bjørgvin av Bjørgvin bispedømeråd.

Kort appell til dei som skal stemma på biskop

Ragnhild Jepsen svar på 10 spørsmål

1 Gje ei kort skildring av deg sjølv.

Eg er ein person som lett får tillit, eg kjem lett i kontakt med andre og set meg raskt inn i nye samanhengar. Heimanfrå har eg med meg ein god ballast om at alle menneske er like mykje verd og like viktige. Det gjev rike møte med menneske eg møter. Eg er kulturopen og trivst godt både på bedehuset, i det høgkyrkjelege og i det folkelege. Frå heimen har eg med meg gudstenestelivet, kjærleiken til kyrkja, musikken og tradisjonen. I ungdomstida var det miljøet på bedehuset, vitnemåla og dei personlege trusforteljingane som var viktige. I studietida var eg engasjert i økumenisk arbeid og vart medviten om det verdsvide fellesskapet vi står i. Åra som prest i Østerdalen lærte meg å verdsetje respekt for det alminnelege livet slik det kjem til uttrykk i kyrkje og lokalmiljø. Og tida i Nidarosdomen har gjeve meg age for kva det er i kulturen vår av tradisjon og historie som bind oss saman som kyrkje og som folk. Etterkvart er alt dette samla i erkjenninga av at Gud alltid har vore i livet mitt gjennom skiftande tider. Trua mi er summen av alt eg har opplevd. Eg er glad og takknemleg for det alt saman.

Min identitet som prest er sterk. Det er i gudstenesterommet og i møte med menneske eg hentar styrke og inspirasjon. Særleg finn eg glede i liturgien, i det som stadig blir fornya fordi vi tolkar det inn i vår tid, men samstundes ber i seg den lange tradisjonen og den rike arven frå den verdsvide kyrkja. Eg held meg godt orientert om det som skjer i kyrkje og samfunn, og har stor arbeidskapasitet. Eg toler å stå i det som også er smertefullt.

Eg er fødd og oppvaksen i Ål i Hallingdal. Størstedelen av prestetida mi har eg vore prest i Nidaros. Eg har ikkje arbeida eller budd i Bjørgvin bispedøme. Men far min var fødd på Stord, og mors familie kjem frå Bergen og Os. Kjærleiken til Vestlandet, dialektene og forteljingane derifrå har eg alltid levd med og verdset høgt.

2 Kva er viktig og kva kjenneteiknar deg som teolog?

Eg er sentralt plassert i det dogmatiske og vedkjenner trua frimodig saman med dei kristne vedkjenningane som vi sluttar oss til i den kyrkjelege tradisjonen. Eg er orientert mot Kristi død og oppstode, og kva Kristi frelsesverk tyder for våre liv i dag. I mitt trusuttrykk er eg nok ganske tradisjonell. Det er gudstenesta og liturgien som ber oss, men den får ulike uttrykk i Guds verdsvide kyrkje. Kyrkja må alltid vere økumenisk og dialogisk.

Teologien er alltid radikal fordi den handlar om Gud som grip inn i verda og faktisk ynskjer å ha noko med menneska å gjere. Evangelia fortel om radikale handlingar. Jesus bryt konvensjonar i både religiøse og sosiale samanhengar. Ei kyrkje som er tru mot evangeliet må difor forkynne ein livsviktig nåde og fridom som gjev menneske mot og tru i vår tid.

Som teolog vil eg alltid halde fram det naudsynte i evangeliets frie løp – at evangeliet om Jesus Kristus ikkje let seg hindre av krav eller konvensjonar, men finn sine vegar uventa og kraftfullt på måtar vi ikkje alltid forstår. Eg hentar impulsar og inspirasjon frå den økumeniske teologien, slik Guds kyrkje på jorda har kome til uttrykk gjennom to tusen år med liturgi og gudsteneste. Eg har ei kulturopen tilnærming til kyrkje og teologi. Og eg likar godt å forkynne. Eg får høyre at eg er ein god predikant.

3 Kva for leiarerfaring har du, og korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar.

Eg har vore domprost i Nidaros i 11 år, ei stilling som medfører  leiar- og gjennomføringansvar inn mot verksemda ved domkyrkja og det som skjer der av gudstenesteliv og nasjonale hendingar. I perioder har eg vore fungerande biskop og har god erfaring med å fylgje opp medarbeidarar aktivt. Sidan eg var student har eg hatt diverse leiaroppgåver og vore i arbeidsutval i styre og foreiningar, både nasjonalt, td i Olavsfest, og internasjonalt som Den norske kyrkja sin medlem i sentralkomiteen i Konferansen av Europeiske Kyrkjer (KEK). Eg sit i fleire legatstyre som forvaltar stor økonomi. Eg meiner eg er ein leiar som lyttar og inkluderer, men som tek dei avgjerdene som må til for at folk skal kjenne det trygt og forutsigbart. Eg hugsar godt folk eg har møtt, og er god til å følgje opp samtaler og folk eg har ansvar for. Som leiar i kyrkja meiner eg at det er viktig å styrke kyrkja si rolle i samfunnet, og eg bruker min plass som leiar til å knyte kontaktar og finne ut kva vi kan få til saman.

4 Korleis kan du i leiarrolla som biskop vere med å realisere Den norske kyrkja sin visjon.

Tida vi lever i viser oss sanneleg at vi treng meir himmel på jorda! Det er oppdraget vårt å verkeleggjere den visjonen. Som biskop trur eg at eg kan vere med å leie kyrkja i denne tida. Det må skje saman med alle dyktige medarbeidarar og kyrkjelydane som har stor kunnskap om lokale tilhøve og som veit kva som særpreger og utfordrar kyrkja på kvar ein stad, og kva menneske lengtar etter. Ikkje minst er samvirket med alle dei trufaste frivillige i råd og utval i alle delar av bispedømet viktig. Eg vil vere med å finne fram til kva som skal prege vår samtid, våre liv, våre haldningar og vår kyrkje i åra som ligg framom. Eg trur eg har evne til å inspirere og begeistre, og eg vil leie kyrkja så den blir rekna med som ein viktig aktør i samfunn og samtid. Men mest av alt ynskjer eg å vere med å leggje til rette for at alle som søkjer til kyrkja i Bjørgvin bispedøme kjenner seg velkomen, ønska og heime. At dei vil kome med barna som skal døypast, som konfirmantar, til vigsel og med sine døde. Der skal dei møte Evangeliet om Jesus Kristus forkynt til frelse og oppbygging for alle.

5 Kva ser du som hovudutfordringar og moglegheiter i Den norske kyrkja i tida framover?

Den norske kyrkja har eit heilt særskilt utgangspunkt ved at ho er til stades i alle lokalsamfunn. Det gjer at ein må og skal forhalde seg til det som er mangfaldig og ulikt, med bygdesamfunn og byar, med einheitlege kulturar og med store fleirkulturelle og fleirreligiøse samfunn. Men alle stader gjeld det same: Kyrkja må oppfattast som livsviktig og kvardagsnær. Viss ikkje det vi som kyrkje har å kome med svarer til menneskes lengt i dag, greier vi ikkje å formidle aktualiteten i bodskapen om Jesus Kristus. Det er ei utfordring å sørge for at fleire menneske i åra som kjem vil søke til kyrkja, at oppslutning om dåp, gudstenester og kyrkjelege handlingar skal vere stabil og aukande, og at barna våre får kjennskap og kjærleik til kyrkja og kjenner seg heime her.

Vi treng å finne språk for det som ein gong vart lagt ned i oss i dåpen. Då fekk vi ei tru som skal vekse, og nokre treng hjelp til å finne den fram att. Kanskje skal vi vere djervare til å dele truserfaringar og trene oss i å vere frimodige når vi formidlar den kristne bodskapen. I ei folkekyrkje som samlar eit fleirtal av dei som bur i Noreg, må vi finne den strengen i oss som vibrerer og gjev klang til trusliv og fellesskap. I eit nytt religiøst landskap, der det fleirreligiøse fellesskapet etter kvart vil vere det rådande i dei fleste lokalsamfunn, må vi ta til oss kunnskap om korleis vi kan leve godt saman i respekt og tillit. Eg vil invitere til innspel frå mange hald for at vi skal orientere oss mot dei behova menneske og lokalsamfunn i dag faktisk har. Her meiner eg lokalkyrkjelydane har ei viktig rolle å spele.

6 Kva vil du særleg legge vekt på i tenesta som biskop, og kva er kjernen i forkynninga di?

Mest av alt ynskjer eg å vere ein inspirator og ein forkynnar som skaper glede og begeistring for evangeliet om Jesus. Eg vil tale tydeleg og klart om kva det betyr å vere Jesu Kristi kyrkje i verda, lokalt og globalt. Eg vil vere ein lyttande leiar og ein som dei tilsette kan rekne med er til stades og tilgjengeleg. Eg vil glede meg over å vere saman med menneske i gudstenestefellesskap. Forkynning og andeleg leiarskap må skape tillit hjå dei biskopen har tilsyn med, og hjå alle dei som møter biskopen som ein representant for kyrkja. Det krev nærvær og truverd. Eit respektfullt og godt samvirke med rådsstruktur og tilsette er avgjerande, og noko eg vil arbeide for å få til.

Eg ynskjer å forkynne det viktigaste i kyrkja sin bodskap:

  • Nåden i Jesus Kristus gjeven til oss alle.
  • Å anerkjenne det alminnelige som Guds nedlagte spor og nærvær i oss.
  • Håpet om ein ny himmel og ei ny jord.

 

7. Kva tenker du kan bli særleg utfordrande for deg i tenesta som biskop?

Eg veit at biskopen på særleg måte får ei rolle med å stå i det offentlege og måtte ta ansvar og må kunne stå også i det som er vanskeleg. Det må eg finne ut av og kunne tole. Også det som kjem innanfrå av usemje og uro blant medarbeidarar.

 

8. Kva kan du med di kompetanse tilføre Bjørgvin bispedømet og bispekollegiet?

Eg har kompetanse og erfaring i å bygge eit kyrkjeleg tyngdepunkt som har ei symbolkraft i kyrkje og samfunnsliv. Eg vil bruke erfaringa mi frå å tale frå ein stad! Vi har i kyrkja eit så godt utgangspunkt for å legge til rette for det som skal femne om mange uttrykk og vere symbolhandlingar for det som bind oss saman som kyrkje og folk. Sjølv om erfaringane mine er frå eit anna bispedøme, meiner eg at dette kan overførast til alle lokale forhold. Difor er det ein kompetanse eg kan tilføre både bispedøme og bispekollegiet.

Eg har hatt sete i to salmebokredaksjonar, Salmer 1997 og Norsk salmebok 2013. Saman med 25 års kontinuerleg teneste som kyrkjelydsprest, meiner eg dette har gjeve meg ein særleg kompetanse på liturgisk arbeid i samvirke med lokalt gudstenesteliv som er viktig å bringe inn. Så har eg medvit, kompetanse og erfaring med meg frå økumenisk arbeid heilt frå studieåra. Det vil eg alltid halde fram som viktig – uansett kvar eg kjem.

I alt dette vil eg også arbeide for å bruke eit språk som er kvardagsnært, som er godt og forståeleg, og som utforskar korleis vi stadig kan bli betre på å kommunisere med kvarandre. Eg trur eg evner å bruke språket på ein god måte. 

9. Korleis vil du vere samlande og ta vare på mangfaldet i bispedømet?

Kyrkja må vere der menneska er. Ho skal verke til trøyst og oppmuntring, men også kalle til oppbrot og handling som følgje av evangeliets bodskap om Jesus Kristus. Kyrkja må framstå truverdig i lokalsamfunna. Eg ynskjer meg ei kyrkje som formidlar at det vi har saman er livsviktig og kvardagsnært, og vil arbeide for det i lag med dei tilsette og kyrkjelydane i bispedømet.

Eg er vand med å tenke praktisk kyrkjeleg teneste i relasjon til lærespørsmål. Ein god og respektfull samtale om det vi kan vere usamde om, viser at det finst handlingsrom innanfor ei kyrkje som er éi i Jesus Kristus. Den samtalen vil eg halde høgt i bispedømet og eg trur den vil gjere oss alle som tek del i den rikare. Eg vil raskt skaffe meg kjennskap til det kyrkjelege landskapet i Bjørgvin, og lytte til dei som bur og arbeider her. Det trur eg er ein viktig føresetnad for å møte det rikhaldige mangfaldet i bispedømet.

10. Kva motiverer deg til å gå inn i tenesta som biskop?

Eg vil vere med og bidra til at kyrkja formidlar Kristus truverdig og til håp for menneske i vår tid. Det trur eg at eg har evne til. Eg synes det er viktig å seie seg villig når kyrkja kallar. Eg er glad i kyrkja, og ikkje minst er eg glad i mi teneste som prest. For 25 år sidan vart eg vigsla til prest i den kyrkja der eg er døypt og konfirmert. Det er den same kyrkja som no kallar til å stille meg open for nye oppgåver. Eg meiner eg har erfaring og evner som skal til for å stå i den tenesta, og kjenner at om Gud vil bruke meg til det, skal eg ta i mot det kallet.  

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"