Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Corona-beredskap med gudstenester berre på nett

Oppdatert informasjon frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Corona-smitte pr. 27. mars kl. 12:45. Nytt i dag: Ved gravferd er det både inne i kyrkje/kapell og ute ved grava ei grense på maks. 20-25 personar som skal ha minst to meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett andre grenser.

Biskopen i Bjørgvin har følgjande pålegg, som førebels gjeld til og med 2. påskedag, 13. april:

Gudstenester

Det som er av gudstenester no, er på nett, ikkje i kyrkjene. Alle gudstenester i kyrkjene er for tida avlyste.

Gudstenester i påska

Denne påska vil gudstenestene i hovudsak foregå via TV, radio og på nettet.

Det blir ikkje ordinære gudstenester i kyrkjene i påska.

NRK har som vanleg gudstenester som går både på radio og TV. Bjørgvin bispedøme viser også til at Den norske kyrkja sentralt og i mange av kyrkjelydane lagar ulike alternative tilbod på nettet, også i samband med kyrkja sine viktigaste merkedagar. Sjå lokale nettsider og facebookgrupper og oversyn på våre nettsider (kjem 26. mars).

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 20-25 personar som skal ha minst to meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett andre grenser.

Dåp

Dåp kan gjennomførast dersom det særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Heimedåp kan vere eit alternativ.

Vigsler

Vigsler (bryllup)  kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Kontorvigsel kan vere eit alternativ.

Konfirmasjonsgudstenestene

Kyrkjerådet og bispemøtet ber kyrkjelydane om å utsetja vårens konfirmasjonar til etter sommarferien.(Sjå eiga sak)

Kyrkjelydane tek kontakt med konfirmantane når det er klart kva som skjer vidare med konfirmantundervisning og evt. med førebels dato for konfirmasjonsgudsteneste når dei har dette klart.

Biskopen anbefalar at helga 5. - 6. september blir første mogelege dato for konfirmasjonsgudstenester. Det blir imidlertid opp til kvart sokneråd å fastsette konfirmasjonsdatoar.
Uansett må vi ta atterhald om at styresmaktene sine retningslinjer kan medføre at konfirmasjonsgudstenestene må utsetjast ytterlegere.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"