Prostigrenser
Bjørgvin bispedømeråd vedtek å ikkje endre prostigrensene i Bergen Domprosti no, men vil kome attende til saka ved eit seinare høve.
Cuba
Bjørgvin bispedømeråd har evaluert vennskapssamarbeidet med den Lutherske kyrkja på Cuba (IEU) og rådet er positiv til å vidareføre dette ut frå dei merknadene som kom fram i møtet. Bispedømerådet vil halde på stabilitet i samarbeidet, med å ha realistisk mål om støtte på 150.000 kr.og i tillegg evt vurdere ny tur til Cuba i 2026.
Les fersk rapport frå Cuba etter stiftsdirektøren sitt besøk der i desember
Tilskotsforvaltning
Bispedømerådet gjorde vedtak om eit høyringssvar om retningslinjer for forvaltning av tilskot i Den norske kyrkja. Denne høyringa handlar om korleis rettssubjektet Den norske kyrkja skal forvalta tilskot til diakoni, kyrkjeleg undervisning og kyrkjemusikk.
Omtale av høyringa og, etter kvart, høyringssvar
Ingen HEL-konferanse i Bjørgvin
Bjørgvin bispedømeråd har fått spørsmål om å stå som vertskap for ein nasjonal konferanse knytt til kyrkja sitt inkluderingsarbeid, ein «HEL konferanse» i 2026. Ut frå den endra ressurssituasjon vil Bjørgvin vurdere at ein berre kan ta ansvar for ein regional modell for ei fagsamling på dette området.
Bjørgvin kyrkjelege fond
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner som styremedlemer i Bjørgvin kirkelige fond
- Asgeir Magne Remø, 2025-2026
- Line Jacobsen, 2025-2027
- Karl Johan Kirkebø, 2025-2027
- Eli Beate Presthus Nilsen, 2025-2027
- Jan Ove Fjelltveit er allereie oppnemnd for perioden 2024-2026.